Til deg som er pasient på dagposten
Velkomen til oss som pasient, pårørande eller besøkande. Vi håpar denne informasjonen kan bidra til at du får eit trygt og godt opphald hos oss. Her finn du praktisk informasjon om korleis du kjem deg hit, om våre daglege rutiner, om mattilbodet vårt, kor du kan parkere og når vi har besøkstid.
Ta gjerne kontakt med personalet om du ikkje finn svar på det du lurer på.
Skulle du bli dårlegare mens du ventar på å få koma inn til vurdering, utgreiing eller behandling hjå oss ved dagposten, er det viktig at du gir beskjed om dette på førehand slik at vi kan leggja til rette for eventuell overnatting før du kjem.
Har du bruk for overnatting og samtidig treng fylgje av pårørande eller anna personale, som assistent, pleiar eller liknande, ber vi deg også ta kontakt med posten på førehand.
Oppmøtetidspunkt
Dersom det er vanskeleg for deg å møta opp på det oppgitte tidsrom, ver venleg å ta kontakt med oss.
Vi vil gjera merksam på at dei pasientane som er registret innlagt, må rekne ein del venting i forbindelse med dei ulike undersøkingane.