Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Uropoliklinikken

Uroterapeuten held ope 2 dagar i veka. Ho kartlegg, utgreier, behandlar og fylgjer opp nevrologiske pasientar med forstyrring i tarmfunksjon, vannlatingsfunksjon og/eller den seksuelle funksjonen.

Dei pasientane som kjem til utgreiing, er personar som er ramma av parkinson, MS (Multippel sklerose), ryggmargsbrokk eller ryggmargskade.

Vi tilbyr blant anna opplæring i kateterisering, bekkenbotnøving, analerigasjonssystem/ein tarmtømingsmedtode, elsktrostimulering og mekanisk hjelpemidel ereksjonssvikt. Vi er oppdatert på de meste av nytt utstyr innanfor desse tre område.

Poliklinikken har eit nært samarbeid med Urologisk poliklinikk og stomisjukepleiar på Gastrokirurgisk poliklinikk.

Ein konsultasjon ved poliklinikken tek som regel 1 time.

Uroterapeuten tilbyr også rettleiing for inneliggjande pasientar og personale i Nevroklinikken.

Kontaktinformasjon

  • ​Telefon - sjukepleiar: 55 97 50 50/51
  • Telefontid - Måndag-fredag, kl. 07.00-15.00
  • Telefaks - 55 97 51 64​

Les meir om forstyrringar i:

Nevrologiske sjukdomar eller skader kan påverka tarmen sin funksjon. Sjukdomane eller skadane kan påverka framdrifta av tarminnhaldet, funksjonen i muskulatur bl.a. i botnen av bekkenet og mellomgolvet, følsamheita i endetarmen samt kontrollen av lukkemusklane. 

Det finst mange tiltak på forskjellege nivå å setja i verk, dersom ein får problem med tarmfunksjonen. Her vil vi nemna nokre av dei enklaste.

Generelle råd for å unngå tarmtømmingsproblem

Det er viktig å drikke godt. Anbefalt mengde er 35ml/kg, det vil seia ca. 1,5-2 liter for dagen. Ha eit variert kosthold med 3-4 måltider for dagen.

Toalettvanar

  • Ver på parti med kroppens refleksar. Cirka 20 minuttar etter måltid er det ofte naturleg at tarmen vil tøma seg. Hjå  mange er dette vanleg etter frukost.
  • For å få ut avføringa: Sett deg godt til rette på toalettet, slapp av i lår og bekkenparti, rett vinkel i knea med heile fotsolen godt ned på golvet.
  • Gi deg god tid på toalettet.

Enkle kostråd ved treg mage

Det kan hjelpa å tilføra meir fiber i kosten, helst gradvis over veker. Anbefalt dagleg inntak er ca. 25 gram. Fiber finn ein bl.a. i:

  • Rå og tørket frukt
  • Grønsaker
  • Heile korn
  • Nøtter og frø

Eksempel på fiberinnhald:

  • 1 eple = 1,8g fiber
  • 75 g gulrot = 1,9 g fiber
  • 3 skiver fullkorns brød = 6,4 g fiber

Auka fiber i kosten krev inntak av meir væske. Drikk derfor godt, gjerne vatn. 

Enkle råd ved mykje gass/luft

Unngå:

  • Mat som gir gass som erter, bønner, løk og kullsyre
  • Uregelmessige måltid
  • Å eta og snakke samtidig
  • Tyggegummi
  • Kaffi, brus, kunstig sukker

Forsøk:

  • Yoghurt/Biola
  • Fenikkelkorn/te, Amme-te
  • Medikament (minifom m.fl.)

Enkle råd ved laus mage

Unngå:

  • For mykje feit mat
  • For mykje fiberrik mat
  • Kunstig søtstoff
  • Sterk krydra mat
  • Mykje kaffi
  • Øl, vin
  • Røyk

Aller viktigast -

Ta problemet opp med lege/sjukepleier for det finnes fleire tiltak. Du kan bli tilvist spesialist, som kan utgreia kor i tarmen problemet ditt sit og ut frå dette koma med ulike type behandlingsalternativa.

Utgreiing/kartlegging av forstyrring i tarmfunksjonen

Ved poliklinikken kartlegg ein ditt inntak av væske, kost og tarmtømmingsrutinar. Saman diskuterer vi dine symptom og korleis du opplever dagleglivet ditt.

Uroterapeuten kan gi opplæring i forskjellige behandlingsmetodar som kan hjelpe deg til ein betre funksjon samt gi tips og råd om medikament som kan hjelpa.

Vannlatingsproblem kan vera:

  • Hyppig vannlating både dag og natt
  • Plutseleg og kraftig vannlatingstrang med eller utan lekkasje
  • Manglande (kjenner ikkje) vannlatingstrang
  • Svak urinstråle
  • Blæretømming i porsjoner
  • Kjensle av at blæra blir dårleg tømd
  • Ofte plaga av urinvegsinfeksjonar/blærebetennelse 

Har eg eit blæreproblem- kva gjer eg?

Har du har ein nevrologisk sjukdom og plagsame symptom, ta kontakt med din nevrolog, MS sjukepleiar eller direkte på Nevrologisk avdeling post 1. Avtal time for å samtale om dette.

I forkant av konsultasjonen bør du over 2 døger notera kor ofte du er på toalettet, kor mykje urin du tissar kvar gong og kor mykje du drikk. 

Generelle råd

  • Det er viktig å slappa godt av når du skal lata vatnet
  • Regelmessig væskeinntak og regelmessig vannlating er fornuftig for alle menneske
  • Ved normalt væskeinntak på cirka 1,5 liter, bør blæra tømmast 4-7 gonger per døgn. Normalt urinvolum varierer mellom 1,5-4 dl per gang.  

Behandling

Aktuell behandling kan være:

  • Blæretrening
  • Bekkenbotnstrening
  • Elektrostimulering
  • Tappe blæra for urin (sjølvkateterisering RIK)
  • Medikament mot over aktiv blære

Av og til vert ulike behandlingsregimer brukt i kombinasjon. 

Normal vannlatingsfunksjon

Den normale vannlatinga er ein samansett prosess der både nervar, musklar og indre organ er involvert. Urinvegane består av to nyrer, to urinleiarar, ei urinblære og eit urinrøyr. Nyrene sine oppgåver er å «rense» blodet for avfallsstoff og skilje det ut via urinen. Urinblæra er ein svært elastisk muskel, og har som oppgåva å lagre og tømme urin. 

Når du ynskjer å tømma blæra/late vatnet, opnar urinrøyret seg, og blæra trekker seg saman og tømmer ut urin. 

Utanom dette er urinrøret lukka. I visse situasjonar, som for eksempel ved hopping, nysing og røyning, får urinrøret hjelp av bekkenbotnsmuskulatur for ikkje å leka urin.

Ein normal blærefunksjon føreset at nervesignala til og frå hjerne og urinblære fungerar normalt.

Ved poliklinikken tilbys pasientar med nevrologisk sjukdom / skader og seksuell dysfunksjon, hjelp i form av behandling av symptom med mekaniske hjelpemiddel eller medikamentar samt opplæring i korleis desse kan brukast. 

Seksuell dysfunksjon kan vere ereksjonsforstyrringar, orgasmeforstyrringar eller problem med tørrleik i skjeden (same årsak som ereksjonsforstyrringar hjå mannen). 

Funksjonen i våre seksualorgan og kontrollen av desse er komplisert og berre delvis kjent. Hjå menn omfattar forstyrringane oftast ereksjonsproblem mens hjå kvinner er manglande evne til å oppnå orgasme den vanlegaste dysfunksjonen.

Normal seksuell aktivitet er avhengig av eit normalt fungerande nervesystem. Seksualorgana er utstyrt med mange nerveendar som har til oppgåve å fanga opp føleimpulsar. Desse impulsane skal ta seg til hjernen gjennom det sentrale nervesystemet. Samtidig skal hjernens refleksar finna tilbake til seksualorgana for å skapa blodtilstrømming, sædutløysing og utskiljing av væske i kjønnsorgana. 

Årsaka til seksuell dysfunksjon hjå personar med nevrologisk sjukdomar eller skader kan vera at nervene i hjernen og ryggmargen er påverka. Dette endrar kroppen og svekker dei seksuelle reaksjonane. 


Behandling av symptomet ereksjonssvikt

Når den underliggande årsaka til ereksjonsproblem ikkje kan behandlast må ein prøve å behandle symptomet. Dette kan ein gjere gjennom tre forskjellige måtar.

  • Mekaniske hjelpemiddel som vakuumpumpe, penisring eller støttekondom.
  • Medikament som ein tar gjennom munnen, sett inn i urinrøret eller injeksjon av medikament direkte i penis.
  • Kirurgi der ein set inn implantat med eller uten pumpemekanisme.

Behandling av manglande evne til å oppnå orgasme

Det er ofte vanskeleg å behandle den underliggande sjukdommen til orgasmeforstyrring. I største grad må ein lære seg meir om mogelegheitane til seksuell nyting.

  • Erogene soner kan utforskast.
  • Mekaniske hjelpemiddel som gir økt stimulering. Det finst mange forskjellige vibratorar.

For pasientar med sjukdommer i nervesystemet kan mekaniske hjelpemiddel vere svært nyttig. 

Behandling av tørrleik i skjeden

Her går behandlinga også ut på symptomlindring. Sjølve problemet kan løysast med hjelp av glidemiddel. Viktig å tenkje på om ein går til innkjøp av glidemiddel, er å helde seg til middel med minst mogeleg lokalirriterande stoff (som parfyme) og låg surheitsgrad for å ikke øydeleggje det naturlege miljøet i skjeden. Glidemiddel får du kjøpt på apotek.

Utgreiing / kartlegging av vannlatingsproblem

Skal du på konsultasjon grunna problem med funksjon i urinblæra? Her kan du lese meir om utgreiing ved uropoliklinikken som uroflowmetri kor ein kartlegg tømmingsfunksjonen av urinblæra.
Les meir om utgreiing / kartlegging

Informasjonsvideoar - blære- og tarmforstyrring

Her kan du sjå informasjonsvideoar om blære- og tarmforstyrringar, og korleis det er å leve med det.
Sjå informasjonsvideoane
En lege som undersøker en pasient
Sist oppdatert 12.12.2016