Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lønns- og rekneskaps­seksjonen

Lønns– og rekneskapsseksjonen består av 45 tilsette og er ein del av Økonomi– og finansavdelinga i Helse Bergen. Dei viktigaste oppgåvene våre er rett lønn og rett rekneskap til rett tid. Seksjonen er ein spanande og aktiv arbeidsplass med eit godt fagleg og sosialt miljø. Vi er ein seksjon i utvikling kor prosjektarbeid og nye IKT-løysningar er blitt ein del av vår kvardag. Lønns – og rekneskapsseksjonen har tett samarbeid med dei andre helseføretaka i regionen og nyttar blant anna lønn- og personalsystemet "Agresso" og rekneskapssystemet "SAP". Seksjonen består av fire grupper: Drift Lønn, fag Lønn, kostnadsgruppa og bank/inntektsgruppa.

Kontakt

Telefon

Rekneskapsseksjonen

55 97 57 10
  • Måndag - Torsdag 09:00 - 11:00
  • Fredag - Søndag STENGT

Servicesenter

55 97 47 40

Har du spørsmål knytta til lønn? Ta kontakt på telefon eller e-post: servicesenter@helse-bergen.no

Lønn- og rekneskapssjef Stig-Arne Nilsen

90 91 65 90

E-post: stig-arne.nilsen@helse-bergen.no

Slik finn du fram

Møllendalsbakken 9

Møllendalsbakken 9

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.