Fysioterapi ved Revmatologisk avdeling/Hudavdelinga
Revmatologisk seksjon
Gruppa si storleik
4,8 stillingar fordelt på 5 fysioterapeutar
2 spesialistar i Revmatologisk fysioterapi
3 spesialfysioterapeutar
Drift og aktivitet
Seksjon for smertebehandling
Smerteklinikken vart grunnlagd i 1986, som den første tverrfaglege smerteklinikken i landet, organisert i Kirurgisk serviceklinikk, og under Anestesi- og intensivavdelinga. Fysioterapeutane i poliklinikken for smerte arbeider nært opp mot anestesilegar, psykologar og kontorpersonale. For tida er der 2,25 fysioterapi-stillingar, fordelt på 4 personar..
Ved poliklinikken vert det arbeidd med å vurdere og behandle pasientar med langvarige smertetilstandar som skuldast skade eller sjukdom i nervesystemet, eller smerter frå muskel-skjelettsystemet, lokaliserte eller utbreidde. Fysioterapeutane deltar i tverrfagleg kartlegging og aktiv behandling av pasientar.
Kursverksemd og undervisning av helsepersonell, studentar og pasientar er og ei av oppgåvene ved Seksjon for smertebehandling.
Tilvising
Pasientar med langvarige smerter blir tilvist av fastlege.
Arbeidsform
Fleirtalet av pasientane kjem frå Helseregion Vest. Smerteklinikken arbeidar etter ein biopsykososial modell. Den største delen av pasientane blir vurdert tverrfagleg. Dette inneber vurdering hos lege, psykolog og fysioterapeut med felles oppsummering og tilbakemelding der pasient og pårørande deltek. I tilbakemeldinga blir vurderingane samanfatta, og det blir gjeve råd om tiltak. Fastlegen får deretter ein skriftleg rapport. 6-12 månader etter vurderinga vert pasienten følgd opp med kontroll.
Fysioterapeutane gjennomfører ei kartlegging av smertene, varigheit, tidlegare behandling hjå fysioterapeut, aktivitetsnivå og generell funksjon. Deretter blir pasienten undersøkt med fokus mot dagelege funksjonar, fleksibilitet, avspenningsevne og palpasjon. Vurderinga kan føre til råd for behandling hos lokal fysioterapeut, tilvising til gruppebehandling ved Smerteklinikken eller utprøving av TENS (transcutan elektrisk nervestimulering).
Gruppebehandling
Fysioterapeut og psykolog ved Smerteklinikken leiar meistringsgrupper for pasientar med langvarige smertetilstandar. Gruppene består av inntil 8 deltakarar, og går over 8 veker med samlingar på to timar. Pasientane er tilvist av fastlege, og er på førehand vurdert av anten fysioterapeut eller psykolog ved Smerteklinikken.
I gruppene blir det venta aktiv deltaking. Deltakarane lagar eigne målsetjingar, og det blir arbeidd med heimeoppgåver mellom samlingane. Gruppa består av ein samtaledel, ein øvingsdel og ein avspenningsdel, der deltakarane vert introduserte til ulike avspenningsteknikkar. I øvingane blir det lagt vekt på kroppsmedvit, rørsleevne og avspenning.