Dagkirurgi på KiH

Informasjon til deg som skal til dagkirurgi på Kysthospitalet i Hagevik.

Før innlegging​

Aktivitet / trening med krykker

Vær i så mykje aktivitet som du klarar, då dette medverkar til at du
kjem deg raskare etter operasjonen. Dersom du skal ha ein operasjon
som gjer at du må bruka krykker, er det ein fordel å ha trent krykkegang på førehand. Krykker kan du kjøpa hos oss for kr 250.​

Ernæring

Før og etter operasjonen er det vikti​g å ha eit sunt og næringsrikt kosthald. Det er spesielt viktig at du får i deg proteinar. Gode proteinkilder
er fisk, fugl, kjøt, mjølk, ost og egg. Sunn kost førebyggjer at du blir
unødvendig slapp etter operasjonen, gir betre sårtilheling og kan
redusera komplikasjonar.

Røyking

For å redusera risikoen for lungeproblem og betre sårtilheling, anbefalar vi at du ikkje røyker 8 veker før og 4 veker etter operasjonen. Du bør også begrensa bruk av snus.

Medisiner  

Du skal ikkje ta medisinar operasjonsdagen, men ta dei med til
sjukehuset, så avgjer legen kva medisinar du skal ta før operasjonen. Dette gjeld òg blodtrykksmedisinar.

  • ​Marevan
    Har du kunstig hjerteventil og bruker Marevan skal du ikkje slutt​e med tablettane før operasjonen. Bruker du Marevan for hjerteflimmer, blodpropp eller hjerneslag skal du ikkje ta tablettane dei 3 siste dagane før operasjonen. Ta kontakt med sjukehuset i god tid før operasjonen slik at vi kan rettleie deg.
  • Plavix, Ticlid og Persantin
    Desse medikamenta kan auke risikoen for blødning, men er som regel viktige å ta for å unngå blodpropp. Du skal derfor alltid gje beskjed til oss dersom du bruker nokon av desse.
  • Acetylsalisylsyre  
    Du som bruker Albyl E (75 eller 160 mg) kvardag mot sjukdommar i hjerte eller kar, skal bruke desse medisinane heilt fram til operasjonen. Du må ikkje bruke større dosar enn dette. Dei siste 2 vekene før operasjon må du heller ikkje bruke andre preparater som inneheld acetylsalisylsyre (f. eks. Aspirin, Donobid, Dispril, Globentyl, Globoid, Novid og AsasanƟn Retard). 
  • P‐piller
    Det er ikkje nødvendig å slutte med P‐piller eller hormonpreparater før dagkirurgi.
  • Kosƫlskudd og naturpreparater som f. eks. Q‐10, Vitamin E og C‐vitaminer i store dosar skal du som hovedregel slutte med 2 veker før operasjonen
  • Andre medikament kan brukas som normalt, men ta kontakt hvis du er i tvil.

Din helsetilstand

Hvis du blir forkjøla, får feber, får ein urinveisinfeksjon, tanninfeksjon
eller annan infeksjon i kroppen når det er mindre enn sju dagar Ɵl du
skal opereras, må du ringe sjukehuset.

Ved dagkirurgi må huden i operasjonsområdet vere heil og fin, uten
kviser, sår eller rifter.

Har du vore behandla på sjukehus utanfor Norden i løpet av dei siste
12 månadene, må du gje oss beskjed snarast mogleg.
I verste fall kan desse tinga føre til utsetjing av operasjonen, pga. økt
fare for komplikasjonar/infeksjonar.
Dersom du skal opereras i fot eller hand, må du rense og klippe negler
2‐3 dagar før operasjonen.

Kva skal du ta med?

  • Komfortable klede, og sko som sit godt på foten og er lette å ta av og på.
  • Oppdatert liste over alle medisinar og naturpreparater du bruker. 
  • Eventuelt krykker.
  • Minst mulig pengar, ikkje smykker og andre verdisaker.
  • Lesestoff, pc, mobiltelefon, osv.

Kvelden før operasjonen

For å forebygga infeksjon i operasjonssåret, må du łerna ringer,
smykke, piercingar, neglelakk og sminke, og du må dusje og vaske håret. Du som skal opereras i fot eller hand må łerne neglelakk og kunstige negler. Frå midnaƩ må du faste, dvs. at du ikkje kan ete, sugedrops, tyggegummi, snuse eller røyke. Du kan drikka klare væsker som
vatn og saft fram til kl. 06.00 operasjonsdagen. Du skal ikkje ta dine
faste medisinar om morgonen operasjonsdagen dersom det ikke er avtalt
med oss. Ta medisinane med så du kan ta dei etter operasjonen. Det er òg
viktig at du tar med deg ev. inhalasjonsmedisin.

Avbud

Dersom du blir forhindra frå å komme, får ein betring i symptoma eller ikkje lenger ønsker operasjon, må du snarast råd gje beskjed Ɵl oss på tlf. 56 56 58 00. 

Operasjonadagen

Oppmøte

Du møter i pasientmottaket i 1. et. til avtalt tid. Deretter går du til venterommet på poliklinikken i 2. et. Før operasjonen vil kirurgen gå gjennom sykehistoria di saman med deg, og gjere ei siste vurdering. Du får
møte anestesilegen og anestesisjukepleiaren som skal ha ansvaret for
bedøvelsen, og du blir så klargjort til operasjon.

Venting

Operasjonane blir uført i tidsrommet mellom kl 0800 og 1400.
Det kan bli noko ventetid, så ta gjerne med lesestoff eller pc. Du får ligge i seng mens du ventar.

Operasjon

Personalet følger deg til operasjonsavdelinga der du blir møtt av anestesipersonalet som gir bedøving til operasjonen. Du får lagt inn 1‐2 venekanylar på handa som du får væske gjennom.
​Personalet på operasjonsstua vil gjere det beste for deg denne dagen, slik at operasjonen blir trygg og smertefri. 
Du blir heile tida overvaka og passa på. 

Bedøvelse

Ved dagkirurgiske operasjonar får du enten narkose, lokalbedøving
eller ein kombinasjon av dette.

Etter operasjonen


Når operasjonen er ferdig blir du overført til oppvakningsavdelinga, der du skal vere eit par timar. Operatøren vil informera deg om operasjonen og kva som skjer vidare. Operatøren vil òg skrive ut nødvendige reseptar, sjukemelding eller andre dokument avhengig av operasjonen som er gjort.
Du vil få tilbod om mat og drikke etter operasjonen, og det er viktig å
komme seg opp og i bevegelse så snart som råd.

Smerte

Smerte etter ein operasjon er ikkje uvanlig. Dette blir førebygga og
lindra med smertestillande medikament. Du skal starte med smertestillande tablettar før heimreise, og fortsette med dette heime etter
legen si dosering. Målet er at du skal ha god smertelindring. 

Aktivitet/opptrening

Det er viktig å komme raskt i aktivitet etter operasjonen. Du vil få informasjon av legen din om vidare opptrening, avhengig av kva type operasjon som er gjort.

Komplikasjonar

Etter alle kirurgiske inngrep kan det inntreffe komplikasjonar som urinveisinfeksjon, lungebetennelse og blodpropp. Det viktigste for å førebygga blodpropp er at du kommer raskt på beina og trener.
Eit viktig tiltak for å unngå infeksjon, er god handhygiene.

Heimreise

Du kan ikkje kjøre heim sjøl etter operasjonen.
Heimreisa vil nok bli kortast og mest behageleg om du blir henta av ein
pårørande. Dersom dette ikkje er råd, organiserer vi felles heimtransport (”samkjøring”). Reisekostnader blir uansett dekka av Helse Vest.
(For reisa til sjukehuset før operasjonen blir vanligvis kostnader for
offentlig transport dekka.)
Eventuell kontrolltime og betalingsgiro vil bli tilsendt etter operasjonen. 

Sår og sting

Hvis såret er lukka med oppløysbar tråd, får du strips som skal sitte på
i ca 12 dagar, men hvis dei løsner eit par dagar før er det greit. Andre
sting må du få fjerna hos fastlegen etter 10‐14 dager, avhengig av
operasjon.

Dusjing.

Du skal ikkje dusje dei første 48 timane etter operasjonen. Svømming
og karbad må du unngå til arret er dekka av glatt og blank overflate
uten tegn til lekkasje, vanligvis etter 4‐6 veker. Hvis du får aukande
smerter og huden blir rød, hoven, varm eller det væsker frå såret, må
du ta kontakt med oss på Kysthospitalet. 
Bandasjen skal helst sitte på urørt i 48 timar. Ved små blødninger i bandasjen kan den dekkas med ein rein kompress. Dersom bandasjen blir
gjennomtrukke av blod, våt eller urein, bør den skiftas.

Gips

Hold foten eller armen som er gipsa høgt heva, helst over hjertehøgde,
dei første dagane. Ved for trang gips må du ta kontakt med sjukehuset
snarast mogleg. Unngå at gipsen blir våt.

Heim igjen

Du skal ikkje være aleine heime den første kvelden og natta etter operasjonen. Sørg på førehand for at nokon kan være hos deg.
Ein sjukepleiar vil ringe til deg dagen etter operasjonen for å høyre om
du har det bra, og svare på eventuelle spørsmål du måtte ha.

Sist oppdatert 27.09.2016