Ortopedisk klinikk

Ortopedisk klinikk driv moderne utgreiing og behandling innan ortopedisk kirurgi. Klinikken er den einaste i Helse Vest RF som dekker alle ortopediske fagområde. Vi tilbyr tenester som femner alt frå lokalsjukehus til universitetssjukehusnivå. Innan områder som skadekirurgi, ryggkirurgi, sarkombehandling, barneortopedi og leddprotesebehandling er vi blant dei leiande i landet. Vi er og engasjert i forsking, utvikling og utdanning.

 

Klinikkdirektør Kjell Matre
Telefon: 55 97 57 24
Mobil: 950 38 212

Ergoterapiavdelinga
Avdelingssjef Bodil Stokke

Fysioterapiavdelinga
Avdelingssjef Else Sterndorff

Kysthospitalet i Hagevik
Sykehussjef Kari Indrekvam

Ortopedisk avdeling, HUS
Avdelingssjef Kjell Matre

  • Legeseksjonen
    Avdelingsoverlege Jonas Meling Fevang 
  • Sjukepleietenesta
    Avdelingssjukepleiar Ingrid Merete Hjelle
  • Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd    
    Seksjonsoverlege og professor Ove Nord Furnes
  • BioMatLab
    Forskar Paul Johan Høl

Skadepoliklinikken i Bergen helsehus
Avdelingssjef Pål Inge Gjerde Sæbø

 

  • Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd 
    Leddregisteret driv løpande innsamling av data frå heile Noreg om leddprotesar, hoftebrot og korsbandsskadar.
  • BioMatLab
    Forskingsgruppa for biomateriale (Biomaterial Research Cluster) arbeider med forsking, undervising og formidling i samband med kunstige materiale som blir brukt på menneske. Dette omfattar både grunnforsking og klinisk forsking. Forskingsgruppa har breidt samarbeid med medisin og andre fagfelt.

Metodeboka er meint som eit internt verktøy for legane ved Ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus. 
 
 
Vi håpar at den også kan brukast som eit middel til kommunikasjon og informasjonsutveksling mellom ortopediske kirurgar i Noreg etter kvart som vi får vidareutvikla sidene. Vi vil prøve å svare e-postar frå kollegaer så langt som råd er, men har diverre ikkje høve til å svare på e-postar frå pasientar og pårørande. Metodeboka er på ingen måte meint som ei fullstendig lærebok, og aktuell litteratur må konsulterast i kvart tilfelle. 
 
Metodeboka er ikkje meint som pasientinformasjon
Vi åtvarar om at desse sidene inneheld ein god del bilde som for personar utan medisinsk bakgrunn kan vere sterke og virke sjokkerande.
Informasjon som hentast ned av pasientar eller andre personar utan medisinsk bakgrunn, bør gjennomgå dette med sin eigen lege.

Våre einingar

Ergoterapiavdelinga

Fysioterapiavdelinga

Kysthospitalet i Hagevik

Ortopedisk avdeling

Skadepoliklinikken i Bergen helsehus 

Einingane i klinikken er lokalisert på ulike stader. På Haukelandsområdet held deler av leiinga til i Armauer Hansens hus, mens store delar av den kliniske verksemda føregår i Sentralblokka og Augebygget (ortopedisk rehabilitering). Andre stader er Kysthospitalet i Hagevik og Skadepoliklinikken i Bergen helsehus.

 

Kontakt

Endre eller avbestille time

Endre eller avbestille time
Dersom du ikkje kan nytte timen du har blitt tildelt må du gi beskjed om dette snarleg slik at vi unngår unødig ventetid for andre pasientar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Klinikkleiinga held til i etasje U i Armauer Hansens hus, sør for Sentralblokka på Haukeland.
En bygning over et veikryss

Armauer Hansens hus

Haukelandsveien 28

5009 Bergen