Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dagkirurgi ved innsetting av hofteprotese

Når du skal til operasjon av hofta og reise heim same dag som operasjonen er utført, er det viktig at du leser denne informasjonen i god tid før operasjonen. Her er informasjon som du må sette deg inn i, om førebuingar du gjere før du kjem til oss operasjonsdagen.

Informasjon om sjølve operasjonen

Din operasjon er:

Hofteartrose (Coxartrose) - behandling med protese - Helse Bergen HF

Lenka går til sjølve behandlingsteksten og inneheld informasjon om tida før/under og etter operasjonen. Denne informasjonen gjeld også for deg som skal til dagkirurgisk innsetting av hofteprotese. 

Førebuingar før du kjem til sjukehuset

Dagen før operasjonen kan du hente ut medisinar på apoteket. Det er smertestillande medisinar som du vil trenge etter operasjonen. Resept på medisinane er sendt elektronisk  frå sjukehuset dagen før operasjonen og ligg i dine reseptar på Helsenorge.no. Du får hente dei ut ved å vise gyldig legitimasjon på apoteket.

Hjelp til å hente ut medisinar

Dersom du treng at andre hentar medisinane på apoteket til deg, er det viktig at du fyller ut og signerer eit fullmaktsskjema. Det finn du ved å logge inn på helsenorge.no. Du kan også skrive ut fullmaktsskjema frå Apotekerforeningen som du signerer, og vedkommande kan levere på apoteket: A4_fullmakt.fra apotekerforeningen. pdf

Du kan ikkje vere aleine etter operasjonen

Du må ha ein vaksen person i samme bolig første døgnet du kommer heim etter operasjonen. Dette må vere avklart på førehand.

 

Dagen du skal til operasjon

Du møter fastande i 4. etg operasjonsdagen kl 0700.

Kva vil det seie å faste?

Å faste vil seie at frå klokka 24.00 kvelden før operasjonen, kan du ikkje ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller spise drops. Du kan drikke vatn inntil klokka 06.00 sjølve operasjonssdagen. 

Du må ha fjerna all neglelakk og tatt av eventuelle kunstige neglar kvelden før. Fjern smykke/piercing/ringar eller klokke denne dagen. Stell deg som vanleg om morgonen den dagen du skal operasjon. Ikkje bruk body lotion, ansiktskrem, sminke, kontaktlinser.

 

Etter operasjonen

Etter operasjonen vil vi ta røntgenbilde av hofta. Deretter blir du flytta til oppvakningsavdelinga. På oppvakningsavdelinga vil du få mat så snart du er vaken nok til det.

Fysioterapeuten vil gjere øvingar med deg, la deg trene på krykkegange, og la deg trene på å gå i trapp.

 

Når reiser du heim?

Før du reiser heim er det ein del ting som må vere under kontroll:

  • Blærefunksjonen er blitt normal, det vil seie at du klarer å tisse.
  • Smertene er under kontroll
  • Du klarer å gå med krykker
  • Det er ingen teikn til pågåande bløding

Dersom det skulle vere forhold som gjer at du ikkje vil kunne reise hjem same dag (smerter, kvalme, problemer med mobilisering etc) vil du bli innlagt og overnatte på sjukehuset.

Dersom du treng sjukemelding, blir det skrive etter operasjonen før du reiser hjem.

 

Du får med deg nokre medisinar frå sjukehuset:

  • 1 stk Oxycontin tablett på 10mg (langtidsverkande sterke smertestillande). Ta ein
    (1) tablett på kvelden kl 20:00 operasjonsdagen. 
  • 5 stk Oxynorm kapslar på 5mg (hurtigverkande sterk smertestillande). Takast ved behov når smertene er sterke (gjennombruddssmerter). Ta berre ein (1 ) kapsel om gongen. Det skal gå minst 3 timar mellom kvar gong du tar ein kapsel.
  • Etter dette skal du kunne klare deg med smertestillande som du har fått på resept.
  • Fragmin sprøyte settes subcutant i mageregionen kl 20:00 operasjonsdagen.

Fragmin 2500 IE er ein blodfortynnande medisin som er med å hindre blodpropp etter ein operasjon. Sprøyta har liten spiss og skal settast i magefettet i mageregionen.

Her kan du sjå ein film frå felleskatalogen.no  om korleis du set fragminsprøyta: Fragmin «Pfizer» - Felleskatalogen

Foto: felleskatalogen

Bildetekst

 

Dagen etter operasjonen

Dagen etter operasjonen startar du med medisinane du har fått elektronisk resept på:

  • Paracet 500mg - 2 tablettar 4 gonger dagleg
  • Tramadol 50mg 1-2 kapslar inntil 4 gonger dagleg
  • Celebra 200mg 1 kapsel dagleg (kan tas en ekstra per døgn dersom behov)
  • Smertestillande blir gradvis trappa ned etter kvart som smertene avtar i følgande rekkefølge: først slutter du med tramadol, deretter celebra og til slutt paracet
  • Første 3 døger etter operasjonen anbefalar vi at du tar det roleg, med unntak av lette øvingar og kortere forflyttingar.

Kontakt med sjukehuset

Du vil bli oppringt av sjukepleiar dagen etter operasjonen. Saman går de gjennom ei sjekkliste for å få ein god oversikt på korleis det går med deg.

Dersom du opplever å få problemer eller har spørsmål om noko av det som står i brevet, kan du ringe til:

  • Vår sengepost på telefon 56 56 58 40, alle kvardagar til og med laurdag kl 14:00
  • Frå laurdag kl 14 til måndag kl 07:30 må legevakt kontaktast ved behov for øyeblikkeleg hjelp
  • Etter 14 dagar kan du nytte eigen fastlege eller legevakt dersom du treng legetilsyn.

 

Sist oppdatert 25.11.2026