Innlegging til operasjon
Informasjon til deg som skal opererast på kysthospitalet i Hagevik. Her er viktig informasjon om ting du bør gjere i forkant. Les dette i god tid før operasjonen, repetér ei veke før.
Planlegging før operasjonen
Aktivitet /krykker/heimesituasjon
Ver i så mykje aktivitet som du klarar, då dette bidrar til at du kjem deg raskare etter operasjonen.
- Viss du skal bruke krykker, bør du skaffe dei på førehand.
- Planlegg og legg til rette på førehand dersom du treng hjelpemiddel eller hjelp til praktiske gjeremål etter operasjonen.
Ernæring
- Før og etter operasjonen er det viktig å ha eit sunt og næringsrikt kosthald. Det er spesielt viktig at du får i deg protein.
- Gode proteinkjelder er fisk, fugl, kjøt, belgfrukter, mjølk, ost og
- Sunn kost førebyggjer at du blir unødvendig slapp etter operasjonen, gir betre sårheling og kan redusera komplikasjonar.
Hud og hygiene
- Unngå barbering/hårfjerning i operasjonsområdet den siste veka før operasjonen, sidan det kan føre til sår/hudavskrapning.
- Fjern gellack, og kunstige neglar 1--3 dagar før operasjonen
Røyking
- Røyking aukar risikoen for lungeproblem etter operasjonen og hemmar sårheling.
- Vi tilrår difor røykeslutt 8 veker før og 4 veker etter Du bør også avstå frå bruk av snus i same periode.
Kva skal du ta med til sjukehuset til operasjonen?
- alle medisinar i originalinnpakning,
- dersom du bruker CPAP, må du ta apparatet med,
- komfortable klede og sko som er lette å ta av og på
- toalettsaker (obs: ikkje parfymerte produkt grunna allergi)
- eventuelt krykker,
- minst mogleg verdisaker
- legg igjen smykke/ ringar, ørepynt og percing heime
Hugs å merke krykker og bagasje med namn.
Reise
Om du har spørsmål om reise eller overnatting, sjå www.helse-bergen.no/pasientreiser eller ring Pasientreiser på telefon 05515.
Medisinar
Nokre medikament kan auke risikoen for å få blodpropp eller unormalt blod-tap i samband med større operasjonar. Her ser du kva du skal gjere dersom du bruker følgjande medikament som er lista opp her.
Klarering til operasjon
Du skal møte til operasjonsklarering 1-3 veker før operasjonen. Ha gjerne med ein pårørande. Det kan bli noko venting, og du bør sette av heile dagen fram til kl 15.
Du skal til utgreiing hos lege og anestesilege, og du får også snakke med kirurg. Du får viktig informasjon hos sjukepleier og fysioterapeut.
Følgjande undersøkingar blir gjort:
- blodprøver
- urinprøve (viss aktuelt)
- røntgenbilete (viss aktuelt)
- EKG (hjartediagram)
For at elektrodane i EKG-undersøkinga skal klistre godt på huda, må du ikkje bruke hudkrem denne dagen.
Hugs å ta med
- oppdatert liste frå fastlege over alle medisinar du brukar
- liste over naturpreparat du bruker
Kom utan
- Kunstige negler og gellack
- smykke/ørepynt/ringar/ percing
Kva kan føre til at operasjonen blir utsett?
Det er fleire ting som kan føre til at operasjonen blir utsett fordi faren for komplikasjonar/infeksjonar aukar.
Vi ber deg difor ta kontakt dersom følgjande oppstår når det er mindre enn sju dagar til operasjonsdatoen:
- forkjøling, feber,
- urinvegsinfeksjon, tanninfeksjon, annan infeksjon i kroppen, eller kviser/sår på huda i operasjonsområdet eller sår andre stader på kroppen
Ta kontakt med oss dersom
- du har starta med nye medisinar eller vore innlagt på sjukehus etter at du var på operasjonsklarering.
- du har hatt behandling på sjukehus utanfor Norden dei siste 12 månadane.
Før operasjonen
- Møt fastande som avtalt på sjukehuset til tida oppgitt i brevet
- Du får smertestillande tablettar (premedikasjon).
- Du ventar i kvilestol fram til du går i følge med pleiepersonalet til
operasjonsavdelinga.
- Anestesipersonale gir bedøving til Du får lagt inn :
- 1-2 venekanyler på handa,
- urinkateter og/eller drensslange frå operasjonssåret (ved behov).
Etter operasjonen
Du blir overført til oppvakningsavdelinga etter operasjonen. Der blir du i nokre timar eller inntil eit døger, før du blir overført til sengepost.
Dei fleste reiser heim første dagen etter operasjonen. Dersom det er medisinske årsaker til det, kan utreisa bli utsett.
Du finn meir informasjon om dei ulike behandlingane og tida etterpå her.