Skadepoliklinikken Fysioterapi

Skadepoliklinikken Fysioterapi har tilbod til pasientar som er behandla ved Skadepoliklinikken Brudd/røntgen og Skadepoliklinikken Sår. Fysioterapeutane behandlar pasientar som har redusert funksjonsevne etter skade i armar og bein. Behandlinga er basert på informasjon, rettleiing og eigentrening. Kontrollar setjast opp etter fysioterapeutens vurdering av den enkelte pasient sitt behov. I nokre tilfelle vil pasienten få tettare oppfølging med trening ved Skadepoliklinikken Fysioterapi. Du finn lenke til våre standard øvelsesprogram under. Merk deg at fysioterapeuten kan ha tilpassa øvingane til deg og di problemstilling. Avdelingas målsetting er å hjelpe pasientane så raskt som mogleg tilbake til sitt daglege liv og arbeid.

Kontakt

Telefon

Stengt i helg- og høgtidsdagar

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Skadepoliklinikken Fysioterapi held til i 4. etasje i Bergen Helsehus. Alle pasientar som kjem til fysioterapi må registrere seg i Skadepoliklinikken sin pasientluke ved innkomst. Denne ligg i 1. etasje.

Besøkstider

  • I dag 08:30 - 15:30
  • Måndag 08:30 - 15:30
  • Tysdag 08:30 - 15:30
  • Onsdag 08:30 - 15:30
  • Torsdag 08:30 - 15:30
  • Fredag 08:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Bergen helsehus

Solheimsgaten 9

5058 Bergen

Parkeringsplassane i Solheimsviken nyttar Sesam Sesam billettløs parkering. Når du kjører inn på området i Solheimsviken, leses bilskiltet ditt automatisk. Du må være registrert som brukar for å unngå ekstra kostnadar.

Les meir om denne parkeringsordninga

Dersom du ikke er registrert bruker av Sesam Sesam, kan du betale i betalingsautomaten som er plassert rett utenfor hovedinngangen. 

Du taster inn bilnummeret ditt og automaten beregner parkeringsavgiften. Du må betale med gyldig betalingskort/bankkort.

Dersom du kjører ut fra området uten å betale samme dag, vil det bli tilsendt faktura. Da kommer det fakturagebyr i tillegg til parkeringsavgiften.

Merk:

Det er begrenset med parkeringsplasser utenfor Bergen Helsehus. Det kan derfor skje at du ikke finner plass umiddelbart.

Det er også mulig å benytte parkeringshuset SolheimsGarasjen i Solheimsgaten 29.

https://bergenparkering.no/

Bergen Helsehus ligg mellom Florida bybanestopp på Gamle Nygårdsbro, i same bygg som Bergen legevakt. Det er ein eigen inngang for Akuttposten i 2. etasje. Det er mogleg å køyre heilt fram til inngangen.

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no


 

Praktisk informasjon

Du får dekt delar av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar, får du frikort for helsetenester. Det er ulike eigendelar avhengig av type helseteneste.

Les meir

​Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt med nokre hugsereglar.

Les meir: Retningslinje for lyd-, foto og filmopptak ved Haukeland universitetssjukehus


I ventearealet til Skadepoliklinikken er det mulig å kjøpe brus, sjokolade og snacks fra automat. 
Nærmeste dagligvarebutikker finner du på Danmarksplass, i gangavstand 5-6 minutter.
Coop Extra
Kiwi
Baker Brun Cafe - ved siden av Kronstad DPS på Danmarksplass, gangavstand 5 minutt.
Pizzabakeren Solheimsviken - 8 minutters gonge langs Damsgårdssundet, i retning Laksevåg.

Enkelte gonger nyttar Skadepoliklinikken seg av telefonkonsultasjon når dette er medisinsk forsvarleg og nyttig. 

Det kan vere når behandlar skal gi deg råd og formidle svar på ei undersøking du har hatt. Telefonkonsultasjon kan og brukast dersom det er smittefare og behov for smitteavgrensing.  

Du gir sjølv samtykke til at telefonkonsultasjonen erstattar frammøtekonsultasjonen. Du betalar same eigendel som når du kjem til poliklinikken for konsultasjon der. 

Utvalde avdelingar i Helse Bergen nyttar videokonsultasjonar. Her kan du lese meir om sikkerhet, personvern og praktiske instruksjonar om korleis du nyttar tjenesta:

Videokonsultasjon med behandlar via join.nhn.no

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i Bergen Helsehus.

Bk-gjest er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (Bk-gjest)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra og følg vidare påloggingsinstruks.

Innlogginga skjer automatisk etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Informasjonsskriv til pasientar

Her finn du ei oversikt over pasientinformasjon relatert til ulike skadar eller sjukdommar.
Sjå våre pasientskriv
Helsepersonell klipper av gips på pasient. Foto