Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Personal- og organisasjons­avdelinga

Personal- og organisasjonsavdelinga er sjukehuset sitt samla fagmiljø for rådgiving og utviklingsstøtte innan HR-området. I sjukehuset er det den enkelte leiar som har ansvar for oppfølging av eigne medarbeidarar, og for å fatte nødvendige avgjersler knytt til tilsetting, oppfølging og endring.  Medarbeidarane våre gir støtte til leiarane i deira utøving av leiarrollen i form av opplæring, leiarrådgiving, leiarutvikling, prosjektleiing og utvikling av rammeverk og rutinar.

Til kvar eining er det det knytt ein personalrådgjevar og ein HMS-kontakt som er leiars kontaktpunkt til fagmiljøet i Personal- og organisasjonsavdelinga.
 
Personal- og organisasjonsavdelinga gir bistand på følgjande hovudområde: 
 
  • Bemannings- og arbeidsplanlegging 
  • HMS 
  • Leiarutvikling 
  • Lønnsforhandlingar, forlik og avtaleverk 
  • Omstilling 
  • Organisasjonsutvikling 
  • Personalpolitikk og personalhandbok 
  • Rekruttering 
  • Vikartenester 
 
Medarbeidarane i Personal- og organisasjonsavdelinga er delt på fem seksjonar, og dei arbeidar gjerne i team på tvers av seksjonane for å løyse sine oppgåver. Dei har høg kompetanse innan sine fagområder, og avdelinga legg stor vekt på fagleg utvikling for den enkelte, for seksjonane og for avdelinga som heilhet. 
 
Konstituert Personal- og organisasjonsdirektør: Lasse Hatletvedt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Dei fleste i Personal- og organisasjonsavdelinga har kontor i 3. etasje i Jørgen Sandbergs hus. 

Bedriftshelsetenesta held til i Årstadhuset (gamle kvinneklinikken).

Bemanningssenteret finn du i 3. etasje i Sentralblokka.
En rød murbygning

Jørgen Sandbergs hus

Jonas Lies vei 73 (Raudt hus i sykehusparken)

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.