Legar i spesialisering del 1
Kvart år tilset Helse Bergen ca. 65 legar i LIS1- stillingar ved Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus, med oppstart 1. mars eller 1. september. LIS1 får deretter kommuneplass i ei av våre samarbeidskommunar.

Det er oppstart for nye LIS1-legar i februar/mars og august/september.
Korleis og når lyser vi ut stillingane?
Stillingane blir lyst ut på Helsedirektoratet sine sider.
Bemanningssenteret gjennomfører rekrutteringsprosessen saman med legar frå sjukehuset, og legar frå kommunehelsetenesta. Vi har dei siste åra hatt ca. 400 søkarar til kvart opptak.
Vurdering av søknader
Alle søknadane blir lest og vurdert. I vurderinga av søknader legg vi vekt på fylgjande:
- Om du er kvalifisert med omsyn til autorisasjon/lisens og norskkunnskapar tilsvarande B2
- Arbeidserfaring, om du har jobba som medisinstudent med lisens/ev. cand. tilsvarande to somrar
- Motivasjon for stillinga. Din personlege søknad er viktig, sjå annonse for kva vi ber deg svare på i søknaden
- All dokumentasjon på arbeidserfaring og utdanning er scanna inn som vedlegg til søknad
Intervju
Vi innkallar om lag 100 søkarar til intervju til Haukeland universitetssjukehus, og 25 søkarar til Voss sjukehus.
Intervjua byrjar to-tre veker etter at søknadsfristen har gått ut. Invitasjonar til intervju sendes ut fortløpande, heilt fram veka før 1. tilbod. Intervjua gjennomførast på Teams, der vi ønsker vi å bli betre kjent med deg og dine erfaringar. I tillegg går vi igjennom eit case.
Referansesjekk
Dersom du er aktuell etter intervjuet vil du i løpet av dei neste vekene motta ein e-post med lenke til elektronisk referansesjekk.
Tilbod
Vi følger Helsedirektoratet sine fristar ved tilbod om stilling: Søknad og frister - Helsedirektoratet
Vi tilbyr både todelt teneste (med hovudvekt på medisin eller kirurgi) og tredelt teneste (inkludert psykiatri).
Sjukehusteneste ved Haukeland universitetssjukehus eller Voss sjukehus
Sjukehusdelen av LIS1-tenesta er på 12 månader, og er enten ved Haukeland universitetssjukehus eller Voss sjukehus. Begge sjukehusa legg til rette for gode læringsaktivitetar for LIS1, og har teneste i akuttmottak, på sengepost, skadepoliklinikk og med moglegheit til å vere med på operasjonar og prosedyrar. Vi ønsker å knyte til oss dei beste fagfolka gjennom å tilby fagleg og personleg utvikling samt legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Ved Haukeland vil du jobbe ved eit stort sjukehus med alle spesialitetar og nasjonale, regionale og lokale oppgåver. Med eit opptaksområde på nesten 500 000 innbyggarar og om lag 1 000 000 pasientmøter årleg vil du som LIS1 møte pasientar med mange ulike medisinske problemstillingar, både akutte og planlagde. Det vil seie at du både får mengdetrening men også moglegheit til å lære om meir sjeldne tilstandar.
Vi har ca. 55 LIS1-stillingar og tilbyr tre-delt og to-delt teneste. Den tre-delte tenesta er innan medisin, kirurgi og psykiatri/rusmedisin, og den to-delt tenesta innan medisin og kirurgi.
Vi ønsker å legge til rette for ei god LIS1-tjeneste hos oss, og du har éin leiar frå Bemanningssenteret gjennom hele året som fylgjer deg opp, som samarbeider tett med koordinerande utdanningsansvarleg overlege i FOU. Vi har felles introduksjonsveke (fire dagar før oppstart 1. mars og 1.sept), felles fagdagar med grupperettleiing og felles personalmøte i løpet av LIS1-året.
Voss sjukehus har ca. 400 tilsette og er lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i kommunane Voss, Kvam, Ulvik og Eidfjord, men i praksis kjem halvparten pasientane frå andre stadar i landet. Sjukehuset har akuttfunksjonar innan generell kirurgi (inkl. traumefunksjon), generell indremedisin, ortopedi, generell gynekologi og fødeavdeling. Sjukehuset er også ein viktig del av Helse Bergen sitt totaltilbod, og behandlar ulike grupper av elektive pasientar for heile Helse Bergens opptaksområde.
Vi har 12 LIS1 stillingar og tilbyr 2-delt teneste ved Medisinsk og Kirurgisk avdeling. Som LIS1 hos oss vil du vere ein viktig del av teamet som møter pasientane, der du blant anna inngår i traumeteamet.
Ved Voss sjukehus har avdelingsoverlegen ved Medisinsk avdeling personalansvar for LIS1.
Vi har felles introduksjonsveke (fem dagar før oppstart 1. mars og 1.sept) og deretter felles fagdagar med grupperettleiing i løpet av LIS1-året.

Kommunehelsetenesta på 6 månader gjennomførast vanlegvis i fylgjande kommunar:
- LIS1 ved Haukeland universitetssjukehus: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Gulen, Masfjorden, Osterøy og Øygarden
- LIS1 ved Voss sjukehus: Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord
I kommunehelsetenesta jobbar du på legekontor, sjukeheim, helsestasjon/ skulehelseteneste og legevakt. Under er ei oversikt over kva legevakt du vil jobbe på ved plass i dei ulike samarbeidskommunane:
- Nordhordland legevakt: Gulen, Austrheim, Masfjorden og Osterøy
- Bergen legevakt: Bergen
- Askøy legevaktsentral: Askøy
- Øygarden lokalmedisinske senter: Øygarden
- Austevoll legesenter: Austevoll
- Bjørnafjorden legevaktsentral: Bjørnafjorden
- Voss legevakt: Vaksdal, Voss, Ulvik og Eidfjord
- Kvam legevakt: Kvam
Alle kommunane har introduksjonsdag samt felles kurs og samlingar i Vestland med grupperettleiing.
Kommunane er ulike i både innbyggjartal og utstrekning, og ein møter ulike pasientgrupper og problemstillingar avhengig av størrelse og geografisk plassering. Vi erfarer at ein del søkjarar ønsker kommunehelseteneste i byar eller tettstader, men læringsutbytte og trivsel er vel så stort i kommunar lengre vekk frå sjukehus og legevakt.
Å bu på Vestlandet
Når ein bur på Vestlandet har ein tilgang til storslått natur med fjordar, fjell og kyst, i tillegg til levande byar, tettstader og bygder. Her får du moglegheit for eit variert friluftsliv året rundt, eit rikt kulturliv og vere ein del av inkluderande lokalsamfunn.
Praktisk
LIS1 ved Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus kan få tilgang til personalbustad ved behov.
Vi forventar at du:
- møter pasientane med respekt, og at arbeidet ditt er av god kvalitet
- gjer ditt beste for å bli ein god lege
- ønsker å utvikle deg fagleg
- samarbeider godt med alle tilsette til beste for pasienten
- tar ansvar for eiga læring
Vi ønsker at du skal få ei god oppleving som LIS1 hos oss og at du skal oppnå læringsmåla for ditt utdanningsløp i spesialisthelsetenesta.
For å sikre fagleg progresjon får du tildelt rettleiar som bidrar til at du utviklar deg som lege. Det er ein LIS-koordinator i FOU eininga som har det faglege ansvaret for alle LIS1.
Vi startar med felles opplæringsdagar i Bergen og på Voss før introduksjon og opplæring på avdelingane. Gjennom året blir det fleire gruppemøte for LIS1-kandidatane.
Haukeland universitetssjukehus har eit rikhaldig bedriftsidrettslag som er ope for alle tilsette
LIS1-tenesta går føre seg i hovudsak i akuttmottak og på dei kliniske avdelingane. I akuttmottaket vil LIS1 ta i mot pasientar, vurdere initial diagnostikk og vidare behandling ved rett avdeling. Dette blir gjort under rettleiing av ein lege i spesialisering. I avdelinga deltar LIS1-legen i den daglege drifta med innkomst av elektive pasientar, legevisitt og utskrivingar av pasientar.
LIS1 legane ved Haukeland universitetssjukehus er tilsett ved Bemanningssenteret og personalansvaret ligg her, medan det faglege ansvaret er hos LIS-koordinator ved FOU-eininga. Ved Voss sjukehus har avdelingsoverlegen ved medisinsk avdeling personalansvar for LIS1.
LIS1 som treng bustad medan dei har teneste tar kontakt med Bustadkontoret ved Haukeland universitetssjukehus.