Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Traineeprogram for helsefagarbeidarar

Haukeland universitetssjukehus vil gjennom traineeordninga gje deg som helsefagarbeidar god breiddekompetanse og strukturert opplæring i kliniske oppgåver. Den varierte arbeidserfaringa gir deg unik kunnskap innan fleire fagfelt, og eit solid fundament for å bli ein dyktig helsefagarbeidar i spesialisthelsetenesta.

Som traineehelsefagarbeidar blir du tilsett i 100% fast stilling i Helse Bergen og deltar på traineeprogrammet som strekk seg over to år. 2022 var det første året med eit traineeprogram for helsefagarbeidarar.

I traineeprogrammet skal du følgje eit fagleg program. Du vil få fellesopplæring og kurs når du startar, og fleire fagdagar og ​rettleiing undervegs i programmet. Fagdagane gjer deg mellom anna teoretisk og praktisk opplæring i ulike prosedyrar.

Traineeprogrammet er delt inn i tre arbeidsperiodar, kvar på 8 månader. Målet er at du skal få arbeidserfaring ved tre ulike fagområde. Etter at programmet er ferdig, har du framleis 100% fast stilling i Helse Bergen, og saman med deg finn vi kva for ei avdeling du skal tilhøyre. Det kan ​vere ei av dei du allereie har vore på, Bemanningssenteret eller ei anna avdeling.

Korleis verkar det i praksis?  
Som traineehelsefagarbeidar vil du følge den ordinære opplæringa ved avdelinga du arbeider på, og få sam​e oppfølging som blir gitt til nytilsette helsefagarbeidarar ved denne avdelinga. Traineestillingane går inn i den daglege drifta ved avdelinga og i deira arbeidsplanar. Vanlegvis vil det seie 3-delt turnus (vakter: dag, kveld og natt) samt helg- og høgtidsarbeid.

Her kan du sjå ein video om traineeprogrammet for sjukepleiarar - mykje vil vere likt for helsefagarbeidarane:
 

 ​

Korleis søke stilling?

Følg med for nye moglegheiter!

Du må lese utlysinga godt, og hugse å legge ved all dokumentasjon som er krav​.

Vi ser etter deg som: 

  • Har fagbrev og norsk autorisasjon som helsefagarbeidar ved oppstart i september
  • Gjerne har fått fagbrev nyleg
  • Er opptatt av både teoretisk kunnskap og praktisk kompetanse
  • Likar utfordringar
  • Er fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Er positiv og stolt av helsearbeidarfaget
  • Har engasjement for pasient- og pårørandearbeid
  • Er lærevillig, strukturert og opptatt av å fullføre oppgåver
  • Ønsker breiddekunnskap og variert arbeidserfaring
  • Er motivert for å arbeide i sjukehus
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Toler godt uforutsigbarhet og endringar
  • Trivst både med å arbeide sjølvstendig og saman med andre 

Kva kan vi tilby deg?

  • Full,​ fast stilling - også etter traineeperioden på 2 år
  • Faglege utfordringar som gje​v​ deg breiddekompetanse
  • Opplæringsprogram gjennom traineeperioden
  • Deltaking i rettleiingsgruppe​
  • Lønn og vilkår etter gjeldande overeinskomst

Kontaktperson:

Mari Pedersen
Seksjonsleiar Trainee 


Sist oppdatert 06.07.2023