Bemanningssenteret
Vi er Haukeland universitetssjukehus sitt interne bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til alle avdelingar i sjukehuset for kortare eller lengre oppdrag. Vi har ansvar for rekruttering og oppfølging av tilkallingsvikarar i Helse Bergen. Arbeidsforhold blir tilpassa etter ønskje frå avdelingar og den enkelte. Du kan få utvida stillingsprosenten din gjennom stilling hos oss i Bemanningsenteret. Arbeid for Bemanningsenteret vil då komme i tillegg til ordinær stilling og tilpassa turnus. All leige av helsepersonell frå eksterne vikarbyrå blir formidla gjennom oss.
Kontakt
Telefon
- Måndag 08:00 - 15:30
- Tysdag 08:00 - 15:30
- Onsdag 08:00 - 15:30
- Torsdag 08:00 - 15:30
- Fredag 08:00 - 15:30
- Laurdag STENGT
- Søndag STENGT
Slik finn du fram
Oppmøtestad
3. etasje i Sentralblokka
Avdelingsleiar Britt Velsvik
![Flyfoto av Sentralblokka](/4adbce/contentassets/f86540ab62474944b06e47d4cf7a8e0b/sentralblokken_flyfoto_blur.jpg?format=webp&width=512&height=293&quality=80)
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen