Egil Anders oppdagar Bergen til fots – inspirert av forskingsarbeid
Ved hjelp av nettsida Citystrides kartlegg Egil Anders sin reisa gjennom Bergen, éi gate av gongen. Det er ein hobby som kombinerer oppdaging og trening – og som har røter i Egil Anders’ arbeid ved Bergen Psykoseforskningsgruppe (BPRG) ved UiB og Haukeland universitetssjukehus.

Nyheita er laga av seniorforskar Gyrid Nygård
Forsking med livsviktig betydning
Ved BPRG blir det forska på psykoselidingar frå fleire ulike vinklar.
– Me gjennomfører kliniske studiar på ulike medisinar og terapiformer for å optimalisera behandlinga av psykose, fortel klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk og professor Erik Johnsen, leiar av BPRG.
– I tillegg undersøkjer me dei biologiske mekanismane og dei genetiske faktorane bak sjukdomsutviklinga. Dette gjer me ved å analysera biologiske prøver som blod og serum direkte - eller ved å utvikla og bruka svært avanserte stamcellemodellar, seier han.
Johnsen fekk nyleg støtte frå Trond Mohns Forskningsstiftelse til å etablera Mohn forskingssenter for psykoselidingar (MRCP). Eit av prosjekta på senteret samanliknar ulike treningsformer for å finna ut kva som gir best resultat over tid for personar med schizofreni eller bipolar liding. Desse pasientgruppene har ti til femten år kortare forventa levealder enn resten av befolkninga, og treningsterapi kan bidra til å forlengja levealderen.
– Personar med alvorlege psykiske lidingar har ofte auka risiko for hjarte- og karsjukdommar, forklarer Farivar Fathian, koordinator ved MRCP og overlege og seniorforskar ved BPRG. Ho fortel at fysisk aktivitet kan ikkje berre redusera denne risikoen, men også styrkja kognitiv funksjon, dempa symptom og auka livskvaliteten.
Fysioterapeut Helene Krakhella Engesæter, treningsterapeut Stian Gjørøy og forskingssjukepleiar Torkild Hjelmtveit er sentrale medarbeidarar i treningsprosjektet. Dei tek jamleg imot prosjektdeltakarar på Treningspoliklinikken ved Sandviken sjukehus. Her får deltakarane grundig treningsrettleiing, og deltakarane blir fordelte tilfeldig til eitt av to treningsprogram på tredemølle: anten standard 4 x 4-minutts høgintensitetsintervall (HIT) eller ein forenkla variant med éin 4-minutts økt. Begge intervensjonane varer i 26 veker.
– Me følgjer opp deltakarane over tid, og måler ulike parametrar som kan seia noko om korleis både form og symptom utviklar seg, fortel Helene.
– Me har deltakarane inn til grundige undersøkingar ved 5 ulike tidspunkt, utdjupar Stian. – Då måler me mellom anna oksygenopptak og tek blodprøver, men me kartlegg også mentale og kognitive symptom, livskvalitet, motivasjon og fungering.

Foto: Gyrid Nygård
Egil Anders ser denne forskinga som eit bevis på kor stor verdi fysisk aktivitet kan ha, noko som har inspirert hans eige prosjekt på Citystrides. Johnsen er samd. Fødd og oppvakse i Bergen, kjenner han godt dei mange kvalitetane i byen.
– Fysisk aktivitet er viktig for alle, uansett bakgrunn. Og når du gjer det i ein by som Bergen, blir det sjølvsagt ei oppleving i seg sjølv, seier Johnsen.

Foto: Gyrid Nygård
Fritid brukt på oppdagelse
Egil Anders har fått høre at han må ha mye fritid for å gjennomføre et prosjekt som dette, men han avviser det med et smil.
– Jeg har ikke mer fritid enn andre, sier Egil. – Jeg bruker bare deler av den på noe som gir meg både opplevelser og trening. Det handler om å prioritere – og om å ha lyst til å utforske.
Han mener også at dette prosjektet gir en annen type tilfredsstillelse enn mer tradisjonell trening. – Du trenger ikke noe fancy utstyr eller dyre medlemskap. Du bare går eller løper og så gir Bergen deg alt du trenger.
En inspirasjon til bevegelse
– Egil Anders forteller mange gode og underholdende historier fra sin gatevandring. Et slikt prosjekt er gjerne ikke for alle, men jeg tror de fleste blir imponert over innsatsen hans, sier seksjonsleder Trude Merete Ramberg, som ofte får høre om Egil Anders sine opplevelser fra Bergens gater i lunsjpausene. – Det er alltid kjekt å ha ansatte som både sprer inspirasjon og oppmuntrer til fysisk aktivitet – det er positivt for både arbeidsmiljø og helse, sier hun.
Med solide sko og et digitalt kart fullt av uoppdagede gater, fortsetter Egil Anders sin gatejakt. Bergen har kanskje mange bakker og regnværsdager, men det stopper ikke denne sprekingen. Ifølge CityStrides ligger han nå på en klar førsteplass over de 2261 andre som per dags dato er registrert for Bergen.
– Det handler om å sette seg et mål og ta det ett steg av gangen – bokstavelig talt! avslutter han lattermildt.
Om han klarer å fullføre alle de 1886 gatene i Bergen og om han blir den første som klarer det gjenstår å se, men én ting er sikkert: Egil Anders kan være med på å få både kolleger og resten av byens befolkning ut for å oppleve sin egen by på en ny måte.
Egil Anders og hans prosjekt med å gå eller løpe alle Bergens gater har også blitt omtalt i Bergens Tidene, les mer her (bak betalingsmur):
https://www.bt.no/byliv/i/RzBmBJ/denne-mannen-har-snart-gaatt-alle-1186-gater-i-bergen
Han har også vore gjest hos God morgon Hordaland på NRK P1, høyr meir her:
https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-hordaland/sesong/202503/DKHO01006325#t=2h13m31s
BRPG si nettside:
Les meir om stamcelleforskinga til BPRG her:
https://www.helse-bergen.no/en/regenerative-medicine/personalised-medicine-in-psychosis-treatment/