Opningsseminar 5. mars 2024

Senteret blei offisielt opna med eit opningsseminar den 5. mars 2024 i Auditoriet på Psykiatrisk klinikk i Sandviken.

Publisert 13.03.2024
En mann som står foran en projektorskjerm
Senterleiar Erik Johnsen opna senteret.

Under opninga blei det halde fleire gratulasjonstalar frå Anne Marie Haga, dagleg leiar for Trond Mohn forskingsstiftelse, Per Bakke, dekan ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen HF, og Petter Andreas Ringen, klinikkleiar for psykisk helse og avhengigheit ved Oslo universitetssykehus (OUS).

Vellykka opning

Seminarets faglege del starta med Erik Johnsens beskriving av overdødelegheita personar med psykoselidingar erfarer gjennom livet.

Vidare presenterte han senteret sitt overordna mål, som er å redusere overdødelegheita, forbetre behandlingsresultat ved psykoselidingar og redusere risikofaktorane for somatiske tilstandar og sjølvmord.

Den faglege delen av opningsseminaret fortsatte med presentasjonar frå Thomas Werge om betydinga av presisjonspsykiatri og genetikken si rolle i psykiatriske lidinga.

Rune Andreas Kroken gav innblikk på STABIL-NOR prosjektet med fokus på livskvaliteten for pasientar med psykoselidingar.

Vidare introduserte Trine Vik Lagerberg innovative tilnærmingar gjennom PEDAL-intervensjonen, som undersøker potensialet for psykoedukasjon og digitale verktøy i behandling av bipolar liding.

Anja Torsvik og Srdjan Djurovic presenterte sine forskingsarbeid innan høvesvis immunologi og stamcelleforsking for psykoselidingar.