Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kronstad Seksjon for Akutte Tenester

Seksjon for Akutte Tenester (SAT) er ei poliklinisk teneste på Kronstad DPS som tilbyr vurdering, behandling og oppfølging av pasientar med akutte og sub-akutte vanskar knytta til psykisk helse og fungering. I SAT arbeider det psykolog/psykologspesialist, psykiatrisk sjukepleiar, og psykiater. Det er sosionom knytta til teamet som kan medverke i oppfølginga dersom det er bruk for hjelp i sosialfaglege vanskar hos pasientar i SAT. Arbeidet i SAT er teambasert.

Kven kan få tilbod om oppfølging i SAT?

Alle personar over 18 år busett i Kronstad DPS sitt opptaksområde, som er bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda, kan få tilbod om oppfølging i SAT for akutte eller sub-akutte vanskar knytt til psykisk helse og fungering.

 

Kva er tenestetilbodet i SAT?

Kjerneoppgåva til SAT er å vurdere og gi behandlingtilbod til pasientar med akuttpsykiatriske og kriseprega tilstander. For nokon vil det vere aktuelt å få vidare oppfølging på døgnavdeling, og blir då tilvist til det frå SAT. For andre vil det vere til meir nytte og hjelp å få vidare poliklinisk oppfølging i SAT i ein tidsavgensa periode der det blir arbeidd med stabilisering, behandling for aktuelle vanskar, vurdering og klargjering av eventuelle underliggande vanskar, og igangsetting av vidare tiltak som måtte bli vurdert som nyttige og/eller nødvendige.

I SAT kan pasientar og få tilbod om oppfølging i ein avgrensa periode etter døgnbehandling.

Helsepersonell kan ta kontakt med SAT for drøfting av tiltak og vurdering av tilstandsbilete, eller for informasjon og råd om oppfølging/behandling.

 

Kven kan tilvise til SAT? 

Helsepersonell med tilvisningrett til spesialisthelsetenesta (lege eller psykolog) kan etter å ha møtt pasienten og gjort ei vurdering av tilstand og behandlingsbehov, ta kontakt med SAT på telefon for drøfting og avtale om akutthjelp-time.

 

Korleis tilvise til SAT?

Lege eller psykolog som sjølv har møtt pasienten og vurdert behov for oppfølging i SAT, kan ta kontakt på direktenummer 5595 6100 og be om AH-time (Akutt Hjelp).

Etter drøfting og vurdering av hastegrad kan pasienten bli tildelt time i SAT same dag eller påfølgande dag.

Elektronisk tilvising skal sendast Kronstad DPS etter at det er avtalt oppfølging i SAT. Alternativt kan pasienten ha med seg tilvisningskriv ved oppmøte

 

Opningstider:

Telefontid: kvardagar mellom kl 08.00 og 17.00

Pasienttimar: kvardagar mellom kl 08.00 og 15.30

 

 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 17:00
  • Tysdag 08:00 - 17:00
  • Onsdag 08:00 - 17:00
  • Torsdag 08:00 - 17:00
  • Fredag 08:00 - 17:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Kronstad

Fjøsangerveien 36

5054 Bergen

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.