Deltaking i studien inneber ein kombinasjon av 4-dagars behandling og D-cykloserin eller placebo. Dette er den første studien der dette blir systematisk undersøkt hos dei pasientane som kanskje treng det mest, nemleg dei som allereie har prøvd eksponeringsbehandling, men som har fått tilbakefall eller ikkje har oppnådd ønskt effekt.
Psykologisk behandling
Alle pasientar som deltek i den nasjonale studien får behandling med ERP i eit 4-dagars format. Dette har vist seg å gje svært gode resultat, óg for dei som har fått OCD-behandling tidlegare. Vi kallar ofte tilnærminga individuell og skreddarsydd behandling i eit gruppeformat. I løpet av fire påfølgjande dagar får du hjelp og assistanse til å oppsøkje det som vekkjer angst og ubehag, og til å lære nye måter å handtere dei vonde og vanskelege kjenslene. Formatet har vist seg å gje svært gode endringar i løpet av kort tid.
Kva er D-Cycloserin?
D-cykloserin (DCS) er det som vert kalla ein NMDA-reseptoragonist. NMDA-reseptorane i amygdala er naudsynt for å få til ein ekstinksjon eller gjenlæring. Gjennom å stimulere desse reseptorane undersøkjer ein om effekten av eksponeringsbehandling kan ytererligere stabiliserast. Enkelt sagt er ein ute etter å gje ERP-behandliga ein drahjelp.
Når får eg studielegemiddelet?
Studielegemiddelet skal berre takast dei to dagane som du jobbar aktivt med den assisterte eksponeringsbehandlinga. Deltakarane loddtrekkjast til å anten få 250 mg DCS , 100 mg DCS eller placebo. Verken du eller behandlar veit kva du får.
Oppfølging etter behandling
Etter dei 4 dagane med behandling vil du dagleg registrere tvang i CheckWare i totalt 3 veker, og ei veke etter behandling vil vi ringje deg og høyre korleis det går. Etter 3 månader møter du til ein individuell oppfølgingssamtale. Etter 1 år og 5 år vil du på ny bli oppringt og bedd om å fylle ut dei same spørjeskjema.