Tid og stad
- Når
-
- 10. nov. 2026, 09:00 - 16:00
- 11. nov. 2026, 08:30 - 15:30
- Type arrangement
- Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell
- Spesialitet
- Psykiatri
- Arrangør
- Kvar
-
Scandic Bergen City Hotell
Håkonsgaten 2-7
5015 Bergen
- Scandic Bergen City Google Maps
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 08. okt. 2026
ADOS-2 er ein halvstrukturert, standardisert observasjon av kommunikasjon, sosial interaksjon, leik og avgrensa og repetitiv åtferd der det er mistanke om autismespekterforstyrringar. ADOS-2 gir verdifull informasjon for både utgreiing og behandling. Modul 3 og 4 vert nytta ved utgreiing av barn, unge og vaksne med verbalt flytande språk
Målgruppe
Tilsette i spesialisthelsetenesta som har utgreiingsansvar for barn/unge og vaksne
Kursarrangør / kursholder
Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD og Tourettes syndrom Helse Vest ved
- Psykologspesialist,Phd. Nina Olsen, Helse Fonna og RFM Helse Vest
- Psykologspesialist, Oda Høieggen Steensæth, Helse Stavanger
Olsen og Steensæth er sertifiserte kurshaldarar gjennom det nasjonale ADOS- og ADI-R-sertifiseringsprogrammet.
Pris
Pris: kr.1600,- Kursavgift inkluderer dagpakkar på hotell og skåringsprotokollar.
Dei som har manual, vert oppmoda om å ta han med.
Kursgodkjenninger
Kurset er godkjent av Psykologforeininga som 14 timars vedlikehaldsaktivitet. Av Legeforeininga vert kurset godkjent som14 valfrie kurspoeng til vidare- og etterutdanninga i allmennmedisin, 14 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og etterutdanninga for spesialistar i barne -og ungdomspsykiatri, 14 timar for etterutdanninga for spesialistar i psykiatri og 10 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og etterutdanninga for spesialistar i nevrologi