Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fagkurs

Digitalt seminar: ADHD og rusutfordringar

Korleis kan vi gi betre behandling til menneske med samtidig ADHD og rusutfordringar?

3.
november
2026
  1. 03. nov. 2026, 12:30 - 15:15
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 03. nov. 2026, 12:30 - 15:15
Kvar
Digitalt seminar
Påmelding
Påmelding

Legg til i kalender

Dette er eit samarbeid med RFM Helse Midt

Personar med ADHD og rusutfordringar er blant pasientane med størst risiko for å falla mellom tenestene. Lange ventetider, uklare pasientforløp og tradisjonelle krav om dokumentert rusfridom kan føra til at mange ikkje får den hjelpa dei treng når motivasjonen er til stades.

Samtidig ser vi ei positiv utvikling i spesialisthelsetenesta. Fleire fagmiljø har utvikla nye prosedyrar og arbeidsmåtar som legg større vekt på klinisk skjøn, tverrfagleg samarbeid og individuelt tilpassa pasientforløp. Erfaringane viser at dette kan bidra til betre oppfølging, redusert rusbruk og auka gjennomføring av behandling.

I samarbeid med dei regionale helseføretaka inviterer ADHD Norge saman med dei regionale fagmiljøa for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Midt og Vest til eit halvdagsseminar der vi presenterer ny kunnskap, deler kliniske erfaringar og viser konkrete verktøy som kan takast i bruk i møte med personar som har samtidig ADHD og rusutfordringar.

Program: (med atterhald om endringar)

12.30 Introduksjon og velkommen - Monika Nordli (ADHD Norge) og Hege Ramsøy-Halle (RFM)

12.40 ADHD og rus - endringsprosesser og relasjoner - Kari Lossius

13.35 Fra tre måneders rusfrihet til intern veileder med rom for klinisk skjønn - Gunn-Vivian Eide

14.40 Fra kunnskap til handling - Katarina Odden Kjøningsen og Stine Linnerud Thorsbye

15.15 Takk for i dag

Målgruppe

Målgruppa er fagpersonar i spesialisthelsetenestene som jobbar med vaksne med ADHD, og andre som er interesserte i temaet.

Webinaret er gratis.

Innleiarar