Tid og stad
- Når
-
- 12. feb. 2027, 08:30 - 09:30
- Kvar
- Webinar. Lenkje blir sendt til alle som har meldt seg på.
- Påmelding
- Påmelding
Om webinaret
Hovudmålet med behandling er å redusera ADHD-symptom, betra funksjonen i kvardagen og hindra eller avgrensa utvikling av tilleggsproblem. Behandling vil som regel innebera både psykologiske/psykiatriske, medisinske og psykososiale tiltak. I webinaret vil Halmøy ha fokus på forsking, resultat og erfaringar frå gruppeterapi.
Føredragshaldar

Foto: Privat
Anne Halmøy er spesialist i psykiatri og overlege ved Kronstad DPS, Haukeland universitetssjukehus i Bergen, med bistilling som førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen. I tillegg til vanleg klinisk arbeid i allmennpoliklinikk har ho ein ressursfunksjon for vaksne med ADHD i Helse Bergen. Halmøy har i mange år vore engasjert i kunnskapsutvikling og formidling om ADHD hos vaksne. Ho har tidlegare leia eit forskingsprosjekt om gruppebehandling for vaksne med ADHD, og er no engasjert i opplæring og implementering av dette i klinisk verksemd rundt om i landet.
Målgruppe
Webinaret er for fagpersonar i spesialisthelsetenesta som jobbar med vaksne med ADHD, og for andre fagpersonar som er interesserte i temaet.
Påmelding
Webinaret er gratis. Det blir ikkje gjort opptak.
Arrangør
Webinaret blir arrangert av dei regionale fagmiljøa for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Vest og Midt.