Behandling har som hovudmål å redusere ADHD-symptom, betre funksjonen i kvardagen og førebyggje eller avgrense utvikling av tilleggsproblem. Behandling vil som regel innebere både psykologiske/psykiatriske, medisinske og psykososiale tiltak.
Anne Halmøy er spesialist i psykiatri / overlege ved Kronstad DPS, Haukeland universitetssjukehus i Bergen, med bistilling som førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen. I tillegg til vanleg klinisk arbeid i allmennpoliklinikk, har ho ein ressursfunksjon for vaksne med ADHD i Helse Bergen. Halmøy har vore engasjert i kunnskapsutvikling og -formidling om ADHD hos vaksne gjennom mange år. Ho har tidlegare leia eit forskingsprosjekt om gruppebehandling for vaksne med ADHD, og er no engasjert i opplæring og implementering av dette i klinisk verksemd rundt om i landet.
Målgruppa er fagpersonar i spesialisthelsetenestene som jobbar med vaksne med ADHD og andre som er interesserte i temaet.
Webinaret er gratis.
Det blir ikkje gjort opptak av webinaret.
Webinaret blir arrangert av dei regionale fagmiljøa for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Vest og Midt.
Dette webinaret er det første i ein webinarserie om ADHD, følg med på nettsidene våre for informasjon om komande webinar.