Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fagkurs

Webinar: Jenter og kvinner med autisme

Autisme hos jenter og kvinner blir ofte oversett eller tolka annleis enn hos gutar og menn. På dette webinaret får du kunnskap om korleis autisme kan visa seg hos jenter og kvinner, og korleis du kan bidra til betre forståing, støtte og tilrettelegging.

1.
april
2027
  1. 01. apr. 2027, 14:00 - 15:00
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 01. apr. 2027, 14:00 - 15:00
Kvar
Påmelde deltakarar får lenkja til webinaret tilsend på e-post.
Påmelding
Påmelding

På dette webinaret vil Nina Stenberg frå RKT Sør-Øst presentera kunnskap, forsking og erfaringar knytte til kvinner og jenter med autisme.

Teikn på autisme blir ofte oversett eller tolka annleis hos jenter og kvinner enn hos gutar og menn. På webinaret ser vi nærare på korleis autisme kan koma til uttrykk hos jenter og kvinner, og korleis vi kan bidra til betre forståing, støtte og tilrettelegging.

Om føredragshaldaren

Portrett av psykologspesialist Nina Stenberg.

Foto: Privat

Nina Stenberg er psykologspesialist med mange års erfaring frå spesialisthelsetenesta, hovudsakleg med utgreiing og oppfølging av nevroutviklingstilstandar hos barn og unge. Ho har arbeidd med forsking i Autismestudien og Den norske mor, far og barn-undersøkinga ved Folkehelseinstituttet, og har doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Nina arbeider no ved Regional kompetanseteneste for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Helse Sør-Øst, med rådgjeving, undervisning og fagutvikling.

Praktisk informasjon

Målgruppa er fagpersonar i spesialisthelsetenesta som arbeider med autisme, ADHD og Tourettes syndrom, og andre som er interesserte i temaet.

Webinaret er gratis.

Det blir ikkje gjort opptak av webinaret.

Arrangørar

Webinaret blir arrangert av dei regionale fagmiljøa for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Vest og Midt.

Dette webinaret er eitt av fleire webinar om ADHD. Følg med på nettsidene våre for informasjon om kommande webinar.