Øyane distriktspsykiatriske senter

Øyane DPS er lokalsjukehus innan psykisk helse for vaksne (over 18 år), som bur i kommunane Askøy og Øygarden. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for menneske med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi samarbeider tett med kommunehelsetenesta og fastlegar.

Kontakt

Telefon

Telefontid måndag-fredag kl. 08.00-15.30

Forløpskoordinator Torhild Jensen

56 32 66 03 / 56 32 66 00

Forløpskoordinator Inger Hilde Helleland Nilsen

56 32 66 05 / 56 32 66 00

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Øyane DPS held til i Blombakkane 75 på Straume. Ta inn vegen ved Helsehuset (vis-a-vis kommunehuset) og fortsett rett fram opp til toppen av bakken, der ligg bygget til Øyane DPS.

Postadresse

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus
Øyane DPS, Postboks 1400
5021 Bergen
Inngangsparti Øyane DPS. Foto

Blombakkane 75

Blombakkane 75

5353 Straume

​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

Praktisk informasjon

På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Er du pasient?

Her finn du informasjon om kva du kan gjera for å førebu den fyrste samtalen, kva som skal skje under den fyrste samtalen og korleis behandlinga går for seg.
Informasjon til pasientar
Pasient og behandler. Illustrasjon

Er du pårørande?

Det kan vere utfordrande å vere pårørande til ein person med psykiske helseutfordringar. Her finn du informasjon retta både mot vaksne pårørande og barn som er pårørande.
Informasjon til pårørande
Pårørende og pasient sitter i sofa hos behandler. Illustrasjon

Hjelp deg sjølv i ventetida

Her finn du informasjon om vanlege psykiske vanskar, råd og resursar som kan vere til hjelp for deg og familien din.
Gode råd i ventetida
Illustrasjon av e-konsultasjon.

Samskaping i Vest

I programmet Samskaping i Vest samarbeider Øyane distriktpsykiatriske senter (DPS) med Askøy kommune, Øygarden kommune og NAV Region Vest om å skape betre tenester for innbyggarar og felles brukarar som har vanskar med psykisk helse og rus.
Les meir om programmet Samskaping i Vest
Nærbilde av hendene til to som holder hverandre i hendene. Foto

StimuLab-prosjektet: Pasientens helseteneste i eit helsefellesskap

Når sjukehus og kommunar ikkje samarbeider godt nok, går det ut over dei mest sårbare pasientane. Korleis skape helskapelege tenester for pasienten – mellom helseforetak og kommune – på tvers av nivå og sektor?
Les meir om StimuLab-prosjektet
Pasientar og behandlar i møte. Foto