Ambulant akutteam ved Øyane DPS

Ambulant Akutteam (AAT) tilbyr sine tenester til den vaksne befolkninga i Øyane DPS sitt opptaksområde, kommunane Askøy og Øygarden.

Ambulant akutteam (AAT) er eit tverrfagleg team bemanna av overlege, psykologspesialistar, psykologar og psykiatrisk sjukepleiarar, og har fire funksjonar:

  • Poliklinisk vurdering; pasienten får ein einskild vurdering av behandlar på vakt i AAT
  • Ambulerande konsultativ teneste: Behandlar i AAT og psykiatrisk sjukepleiar reiser heim til pasienten for å gjere ein vurdering av pasientens hjelpebehov
  • Konsultativ teneste pr. telefon: Lege/ anna behandlar kan drøfte akuttpsykiatriske problemstillingar med behandlar i AAT
  • Kortvarig oppfølging med nettverksarbeid: AAT kan fylgje opp med kortvarig kriseintervensjon inntil 3 veker, som ein forlenging av kontakten på AAT vakt. Oppfølginga kan skje i Øyane DPS sine lokalar og/eller heime hos pasienten. Dersom AAT vurderer behov for iverksetting/vidareføring av nettverksarbeid vil psykiatrisk sjukepleiar i teamet ha ansvaret for å bringe vidare melding om behovet for ein slik tilnærming


  • Fastlege / legevakt
  • Vakthavande ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM)
  • Leiarar ved Øyane DPS

Psykiatritenesta kan ringe for rådføring. Eit tilsyn av AAT vil krevje at saken er drøfta med pasientens fastlege og at det føreligg skriftleg tilvising frå denne.

Akutteamet set som føresetnad at fastlege/legevakt er kjent med pasientens situasjon før han tilvisast. Tilvisinga skal vere skriftleg. Denne kan om nødvendig ettersendast om tilhøva tilseier at det vil gjere det enklare for pasienten.

Akutteamet er bemanna på kvardagar kl. 08.00-15.00, og kan kontaktast på telefon 56 32 66 00. Siste konsultasjonstime er kl. 14.00 kvar dag.

Seksjonsleiar: Katrine Frilund Halvorsen 

Teamleiar: Kathrine Hammer 

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Øyane DPS Ambulant akutteam Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Inngangsparti Øyane DPS. Foto

Blombakkane 75

Blombakkane 75

5353 Straume

​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

Praktisk informasjon

På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.