Depresjon

Det er normalt å vere trist og nedstemt innimellom, men når vi er deprimerte, varar det lave stemningsleiet mykje lenger og påverkar kvardagen.

Når vi er deprimerte, er vi triste det meste av dagen – kvar einaste dag. Vi opplever da depressive tankar, energitap og lita interesse for det meste. Det som tidlegare kunne lette på humøret, er ikkje lenger til hjelp. Styrken varierer frå milde symptom til alvorleg depresjon.

 

Klikk for å spille av videoen frå Psykologforeininga for å høyre Torkil Berge, psykolog og spesialist i vaksenpsykologi, fortelje om depresjon.

Les meir om veileda internettbehandling av depresjon

Les mer om behandling av depresjon helsenorge.no

Hjelp deg sjølv

I dette programmet lærer du om depresjon og kva for konkrete steg du kan ta for å overkomme den. Programmet består av ein videoserie og ei rekke arbeidsark:

 


Klikk her for å få opp heile programmets speleliste på YouTube

Klikk her for arbeidsark i programmet (Google drive)

Sist oppdatert 29.08.2023