Øyane rehabiliterings­poliklinikk

Øyane psykosepoliklinikk FACT skal gi tilbod om rehabilitering og oppfølging for pasientar med alvorleg psykisk liding. Opptaksområdet er kommunane Askøy og Øygarden.

Behandling på Øyane psykosepoliklinikk FACT er for pasientar over 18 år som har, eller kor det blir mistenkt at dei har, alvorleg psykisk liding som: 

 
  • Schizofreni 
  • Ulike typar psykose
  • Alvorleg affektiv liding
  • Psykosar /schizofreni med rusproblematikk 
  • Pasientane blir søkt til Rehabiliteringspoliklinikken via tilvising frå lege.

Behandlingstilbod

  • Diagnostisering : Utgreining: f. eks. ved mistanke om schizofreni blir det teke MINI, ev. PAI og SCID, PANSS, somatisk utgreiing via fastlege, anamnese, GAF og komperentinf.
  • Behandling
  • Samarbeide med dei kommunale helsetenestene
  • Samarbeide med aktuelle sjukehus/ institusjonar i Helse Bergen
Innanfor dei nemnde tilbodskategoriar vil det liggje eit individualisert behandlingsopplegg som blir justert i takt med behova til pasientane til ei kvar tid.

 

Seksjonsleiar

Hege Lindtner

Kontakt

Slik finn du fram

Inngangsparti Øyane DPS. Foto

Blombakkane 75

Blombakkane 75

5353 Straume

​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

Praktisk informasjon

På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Velkommen til oss

Her kan du sjå ein informasjonsvideo om kva som ventar deg når du kjem til oss for behandling.
Sjå informasjonsvideo
Gruppebilde av ansatte ved Øyane DPS. Foto