Et nærbilde av en person som holder hendene sammen

Samskaping i Vest

I programmet Samskaping i Vest samarbeider Øyane distriktpsykiatriske senter (DPS) med Askøy kommune, Øygarden kommune og NAV Region Vest om å skape betre tenester for innbyggarar og felles brukarar som har vanskar med psykisk helse og rus.

Behov for betre samhandling og heilskapelege tenester

Samarbeid mellom tenester som gir tilbod til menneske med vanskar knytt til​ rus og psykisk helse er for dårleg i følge Sintef (Samhandling mellom kommuner og sykehus - ks.no​), og riksrevisjonen (Undersøkelse av psykiske helsetjenester - riksrevisjonen.no). 

Samhandlingsreforma og etablering av Helsefellesskap (Prop. 102 L 2020–2021- regjeringen.no​) har som mål å søke å løyse desse utfordringane.


Samhandlingsdagen 2019

​På den store samhandlingsdagen 14. juni 2019 deltok 100 personar, både pasientar, pårørande, tilsette og leiarar fra Øygarden kommune, Askøy kommune, Øyane DPS, Psykiatrisk klinikk, Avdeling for rusmedisin (AFR) og NAV - og skapte felles utfordringsbilde og draumar for framtida.

For å arbeide for meir samanhengande og heilskaplege tenester, og å løyse utfordringar i vår region blei programmet Samskaping i Vest etablert. 

​Programansvarleg: Trude Senneseth, psykologspesialist
Styringsgruppe: DPS råd

Prosjekteigar: Liv Åse Dybdal, klinikkdirektør, Øyane DPS

Trude Senneseth

Psykologspesialist og programansvarleg for Samskaping i Vest

E-post: trude.senneseth@helse-bergen.no

Prosjekt i programmet

Samskaping i Vest blei etablert for å arbeide for meir samanhengande og heilskaplege tenester, og å løyse utfordringar i denne regionen. Programmet består av fleire prosjekt:

Prosjektleiar

Kathrine Mydland Aas


Mål

Nettverk etablert fordi pasientar og pårørande skal vere i fokus i all utvikling i programmet «Samskaping i Vest». Då treng vi stemmar med ​erfaringskompetanse som kan delta i prosjekt og utvikling.

10 personar deltek i nettverket som har kvartalvise møte.

Representantar frå nettverket møter i:

  • ​DPS råd
  • DPS utvida leiarteam

Prosjektleiar

Liv Åse Dybdal


Mål

Å skape framtida saman - og leie saman - på tvers av og mellom organisasjonane. Felles dialogar og prioritering av utviklingsområde for betre samarbeid.

20 leiarar frå Øyane DPS, BUP, Avdeling for rusmedisin, Askøy kommune, Øygarden kommune og NAV deltek i nettverket som har kvartalvise møte.

Tema

  • Å bli kjent mellom organisasjonar, skape forståing for felles samfunnsoppdrag
  • Skape realistiske forventningar til kvarandre og felles prioriteringar av satsingar
  • Felles og transparent utgangspunkt for systematisk kvalitetsforbetring av samarbeidsrelasjonar ved kartlegging av relasjonell kapasitet med Joint Action Analytics; samarbeidsrelasjonar slik tilsette rapporterer dei.

Prosjektleiar

Øystein Elgen, overlege

Mål

Skape optimal samhandling mellom fastlegar og Øyane DPS / BUP Øyane, med nøgde pasientar og helsearbeidarar, og sikre gode, føreseielege pasientløp.

Prosjektgruppe

Askøy kommune, Øygarden kommune, BUP Øyane, Øyane DPS

Tema

Tilvisingskvalitet, dialogar / elektroniske meldingar og felles fagkurs for legar

Prosjektet skal ta i bruk tjenestedesign som metodikk for utvikling av nye modellar for samarbeid og utvikling av tenestene.

Tenestedesign skal bidra til å sikre at pasienten er i sentrum, og er ein godt eigna metodikk for å ta fatt i og løse komplekse problem.

Les meir om prosjektet StimuLab her

Prosjektleiar

Kathrine Mydland-Aas

Mål

Betre samarbeid mellom kommune, NAV og spesialisthelsetenesta rundt felles pasientar. Det er behov for betre samarbeid før, under og etter behandling ved DPS, der kunnskap om og tilgang til ulike tilbod er sentralt.

Tema

Arrangerer mellom anna messa «Frå A til Ø» der lokale frivillige tilbod har vore inviterte til å presentere seg, og Erfaringskafé når covid-situasjonen tillet å samlast.

Utviklings- og forskingsprosjekt i PhD-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling som understøttar programmet Samskaping i Vest.

Setter fokus på leiing av innovasjon og samhandling i organisasjonar på tvers av sektor og nivå.

PhD-kandidat

Trude Senneseth

Prosjektansvarleg og rettleiar

Laila Nordstrand Berg, Høgskulen på Vestlandet

Rettleiar

Ottar Ness, NTNU

Prosjektet er eit tenesteinnovasjonsprosjekt ved Øyane DPS, Askøy kommune, Øygarden kommune, Psykiatrisk akuttmottak og Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri.

Les meir om prosjektet:

Innsiktsrapport med oppsummering og samanstilling av funn frå arbeidet (PDF) (innomed.no)

Prosjektleiar

Mette Senneseth, PhD/førsteamanuensis

E-post: mette.senneseth@helse-bergen.no​​

 

Samskaping i Vest - milepælar

2022

  • «Svingdørprosjektet» får innovasjonsmidlar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL)
  • StimuLab-prosjektet «Pasientens helsetjeneste i et helsefellesskap, pilotering del 2»

2021

  • IHelp 24/7
  • Nytt prosjekt knytta til samarbeid rundt pasientar med mange innleggingar: INNOMED støttar «Svingdørsprosjektet»

2021/2020

  • StimuLab prosjektet - Pasienten sin helseteneste i eit helsefellesskap

2020

  • Erfaringskonsulent på tvers
  • Nettverk for leiarar
  • Forskingsprosjekt som støttar leiing av innovasjon
  • Prosjekt Utgreiingsteam for å redusere ventetid

2019

  • Nettverk for erfaringskompetanse
  • Nettverk for legar
  • Den store samhandlinsdagen
Sist oppdatert 06.12.2023