Spesialisert psykosebehandling

Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) tilbyr utgreiing, behandling og pleie av pasientar med psykose i ulike faser.  Vi har ansvar for lavterskeltilbod og utgreiing av unge med psykosesymptom, samt døgnbehandling av akutte psykosar og psykosar med komplisert forløp. Vi har òg utgreiing av alvorleg psykisk liding ved utviklingshemming og -forstyrringar.

Seksjon S3 er ein lukka akutt korttidspost med 9 sengeplasser lokalisert til Psykiatrisk klinikk ved Sandviken sjukehus.

Organisatorisk høyrer vi til Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vaktrom: 55 95 87 30

Seksjon S4 er ein lukka akutt korttidspost med 12 sengeplasser lokalisert til Psykiatrisk klinikk ved Sandviken sjukehus.
Organisatorisk høyrer vi til Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vaktrom: 55 95 87 40

Seksjon S5 er ein lukka korttidspost med 12 senger lokalisert til Psykiatrisk Klinikk Sandviken.
Organisatorisk høyrer vi til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vaktrom: 55 95 87 50


Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgrupper. Sju av plassane er for personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar som til dømes rus og personlegheitsforstyrringar. To døgnplassar er for personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.
 
 
Seksjonen driv rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar, i eit samarbeid med innsøkande instansar og dei kommunale tenestene. 
Under innlegginga jobbar vi tverrfagleg kor mellom anna psykiater, psykolog, sosionom og miljøterapeut deltek i team. Miljøterapien fokuserer på relasjonsbygging, for å gi grunnlag for ei trygg overføring til bustad. 
Vi jobbar systematisk med kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter, dyrking av interesser og vi nyttar sanserom som verktøy for kjensleregulering. Vi er også opptekne av somatisk og fysisk helse, og har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk.
 

 

Kontakttelefon/Vakttelefon :  55 95 88 71  

Adresse KRS:  Hatleveien 7D, 1.etg.  

Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med 15 døgnplassar for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år, og er ein del av Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen er delt inn i to adskilte team der 7 plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagt frivillig eller på tvang.

Seksjonen er knytta til ulike forskningsprosjekt og det vert drive systematisk kompetanseutvikling.

Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling der mellom anna psykiater, psykologspesialist, sosionom, fysioterapeut, aktivitør, jobb-spesialist og miljøterapeut deltar. Vidare har vi tilbod om kunnskapsbasert familiesamarbeid.

Vi er særleg opptekne av den fysiske helsa til pasientane og bruker fysisk aktivitet og trening som eit viktig element i behandlinga. Seksjonen har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk.

Det vert lagt vekt på behandling som i størst mogleg grad bygger på frivillegheit og brukarmedverknad, og minst mogleg bruk av tvang. Behandlinga er tilpassa kvar enkelt pasient, og vi sikrar oppfølging av anna instans etter utskriving.

Vaktrom: 55 95 88 15/ 55 95 86 13


TOPS er eit lavterskeltilbod for alle som er bekymra for at ein sjølv, vener eller familie er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding.   

Ansvarsområde

For tilvisarar

Kontakt

Telefon

Sentralbordet Haukeland universitetssjukehus

55 97 50 00

Spesialisert psykosebehandling

55 95 84 00

Forløpskoordinator akutt/korttid, Linn-Mari Duesund

55 95 84 85

Forløpskoordinator akutt/korttid, Nina Jensen Kristiansen

55 95 85 92

Forløpskoordinator akutt/korttid, Linn-Mari Duesund

55 95 84 85

Forløpskoordinator poliklinikk Torill Kvinge Augustin

55 95 88 01

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

  • Sengepostane S3, S4, S5 og Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har inngang via resepsjonen i Bygg 6.
  • Sengeposten Tidleg psykose Sandviken (TPS) held til i Bygg 9 - inngang til venstre.
  • TOPS / Poliklinikken held til i Bygg 9 - inngang til høgre.

Dr. Martens, Sandviken

Hatleveien 7D

Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Du kan bruke bussar som går på E39/motorvegen til og frå Åsane.

Dersom du reiser frå Bergen sentrum:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Ta Øyjordsveien ved SPAR Øyjorden. Følg vegen 100 meter. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

Dersom du kjem frå Åsane/Bergen Nord:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Bruk gangbrua over motorvegen og følg gangstien til Øyjordsveien. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

​Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter ​Gamle Bergen.

Reiseplanleggar på Skyss si nettside

​​Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.  

Prisar
Kl. 08.00-17.00 Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn
Kl. 17.00-21.00 Kr 10,- per påbegynte 30 minutt
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt

Dr. Martens
Besøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.


 

Besøkande kan få parkeringsbevis i resepsjonen/hovudinngangen.

Praktisk informasjon

​Vi har dessverre ingen kantine eller kiosk til besøkande på poliklinikken. Nærmaste butikk er SPAR Øyjorden. 

TOPS - Tidleg oppdaging av psykose

TOPS er eit lavterskeltilbod for alle som er bekymra for at ein sjølv, vener eller familie er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding. Her finn du råd og informasjon om psykose og korleis du kan få hjelp.
Les meir om TOPS
En gruppe kvinner som smiler

Vil du hjelpe oss å bli bedre?

Alle som har vore til oppfølging for psykose, nærpsykose eller psykoserelaterte vanskar ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (inkludert TOPS) vil blir spurt om å vere med på ein oppfølgingsundersøking.
Les meir
En bygning med et fjell i bakgrunnen