Eksteriør Psykiatrisk klinikk i Sandviken. foto

Psykiatrisk klinikk

Psykiatrisk klinikk i Sandviken tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år.

Klinikken vår består av Psykiatrisk akuttmottak (PAM) og våre fem avdelingar. PAM gir akutt psykiatrisk hjelp til vaksne over 18 år, og avdelingane gir eit spesialisert tilbod til pasientar med behov for vidare behandling i sjukehuset etter opphald i Psykiatrisk akuttmottak.

Psykiatrisk akuttmottak

Avdeling spesialisert psykosebehandling 

Avdeling for stemningslidingar

Avdeling for psykosomatisk medisin

Avdeling for spiseforstyrringar

Avdeling for alderspsykiatri

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Psykiatrisk klinikk Postboks 1400 5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sandviksleitet 1

Sjukehuset i Sandviken

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

​Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter ​Gamle Bergen.

Reiseplanleggar på Skyss si nettside

​​Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.  

Prisar
Kl. 08.00-17.00 Kr 10,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 210,- per døgn
Kl. 17.00-21.00 Kr 10,- per påbegynte 30 minutt
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt

Dr. Martens
Besøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.


 

Praktisk informasjon

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs og møter

  • Spiseforstyrringar pårørandeseminar
    Vi vet at det å jobbe seg ut av en spiseforstyrrelse er en tøff prosess, som ofte tar tid. Pårørende vil gjerne støtte, men er ofte usikre på hvordan de kan være til hjelp. Velkomment til seminar med informasjon og samtaler om spiseforstyrrelser.
    Spiseforstyrringar pårørandeseminar
    5.
    juni
    2024
    Fleire datoar

Til deg som pårørande

Kven er nærmaste pårørande? Kan du komme på besøk? Kva informasjon har du rett på?
På denne sida finn du svara
Veggkunst Psykiatrisk klinikk. Foto