Tid og stad
- Når
-
- 26. okt. 2026, 09:30 - 15:30
- Kvar
-
Zander Kaaes gate 6
5015 Bergen
- Terminus Hotel i Bergen.
- Vis adresse i kart
-
Frist for påmelding: 01. sep. 2026
Påmelding
Fagleg forum for sengepostar i BUP
Vi inviterer til eit nytt fagleg forum hausten 2026 – ein møteplass for dei som arbeider i sengepost med barn og unge med spiseforstyrringar. Dagssamlinga rettar seg mot leiarar, sentrale behandlarar og miljøpersonell frå sengepostane i Helse Vest. Nøkkelpersonell frå poliklinikk vil også bli inviterte til denne dagen.
Dei siste åra har vi i Helse Vest arbeidd med å innføre familiebasert behandling for anorexia nervosa (FBT), først og fremst i poliklinikk, men òg i sengepostane. Poliklinikkane gjer ein framifrå innsats, og det er færre pasientar som blir lagde inn enn før vi innførte systematisk opplæring i FBT. Det har likevel vore stor pågang i sengepost den siste tida. Tilbakemeldingar viser at døgnpostane har hatt mange komplekse saker der ein strevar med å få til endring, og der symptoma blir svært alvorlege, slik at det blir nødvendig å nytte tvang.
Difor ønskjer vi denne gongen å setje søkjelys på bruk og praktisering av tvang i døgnbehandling av ungdom med spiseforstyrringar. Kurset vil mellom anna ta for seg:
- juridiske rammer, kliniske vurderingar og etiske dilemma knytte til bruk av tvang
- kva når ungdom er under 16 år og foreldretvang blir nytta?
- pasientar sine erfaringar med bruk av tvang, formidla av ein brukarrepresentant (tidlegare pasient i BUP)
- korleis praktisere tvang på ein måte som ivaretek både pasientsikkerheit, behandlingsansvar og relasjon
Praktisk informasjon
Deltaking er gratis og finansiert gjennom Samarbeids- og rettleiingsnettverket for barn og unge med spiseforstyrringar. Deltakarar må sjølve dekkje reise og eventuelt opphald.
Møteleiarar
- Ester Marie Espeset, psykologspesialist og ph.d., Helse Fonna
- Hilde Lomundal, psykologspesialist og prosjektleiar for Kropp og Selvfølelse, Regional avdeling for spiseforstyrringar, HUS
Påmelding
Påmelding skjer via e-post, gjerne samla gjennom leiar, til kroppogselvfolelse@helse-bergen.no innan 1. september 2026.
Merk e-posten med «Påmelding FF 26.10.26».
Gi beskjed om eventuelle allergiar eller andre behov ved påmelding.
Det er sett av 40 plassar, fordelte slik: Helse Bergen (15), Helse Stavanger (13), Helse Fonna (7) og Helse Førde (5). Det vil vere mogleg å stå på venteliste dersom ikkje alle plassane blir nytta.
Andre datoar
-
Faglig forum for sengeposter i BUP27.oktober2026