Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fagkurs

Faglig forum for sengeposter i BUP

Vi inviterer til fagleg forum for tilsette i døgnpostar i Helse Vest. Tema for dagen er bruk og praktisering av tvang i behandling av ungdom med spiseforstyrringar, med fokus på juridiske rammer, etiske dilemma og klinisk praksis. Dagen legg til rette for fagleg refleksjon, erfaringsutveksling og dialog på tvers av einingar.

27.
oktober
2026
  1. 27. okt. 2026, 09:30 - 15:45
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 27. okt. 2026, 09:30 - 15:45
Kvar

Zander Kaaes gate 6

5015 Bergen

Terminus Hotel i Bergen.
Påmelding

Fagleg forum for sengepostar i BUP

Vi inviterer til eit nytt fagleg forum hausten 2026 – ein møteplass for dei som arbeider i sengepost med barn og unge med spiseforstyrringar. Dagssamlinga rettar seg mot leiarar, sentrale behandlarar og miljøpersonell frå sengepostane i Helse Vest. Nøkkelpersonell frå poliklinikk vil også bli inviterte til denne dagen.

Dei siste åra har vi i Helse Vest arbeidd med å innføre familiebasert behandling for anorexia nervosa (FBT), først og fremst i poliklinikk, men òg i sengepostane. Poliklinikkane gjer ein framifrå innsats, og det er færre pasientar som blir lagde inn enn før vi innførte systematisk opplæring i FBT. Det har likevel vore stor pågang i sengepost den siste tida. Tilbakemeldingar viser at døgnpostane har hatt mange komplekse saker der ein strevar med å få til endring, og der symptoma blir svært alvorlege, slik at det blir nødvendig å nytte tvang.

Difor ønskjer vi denne gongen å setje søkjelys på bruk og praktisering av tvang i døgnbehandling av ungdom med spiseforstyrringar. Kurset vil mellom anna ta for seg:

  • juridiske rammer, kliniske vurderingar og etiske dilemma knytte til bruk av tvang
  • kva når ungdom er under 16 år og foreldretvang blir nytta?
  • pasientar sine erfaringar med bruk av tvang, formidla av ein brukarrepresentant (tidlegare pasient i BUP)
  • korleis praktisere tvang på ein måte som ivaretek både pasientsikkerheit, behandlingsansvar og relasjon

 

Praktisk informasjon

Deltaking er gratis og finansiert gjennom Samarbeids- og rettleiingsnettverket for barn og unge med spiseforstyrringar. Deltakarar må sjølve dekkje reise og eventuelt opphald.

Møteleiarar

  • Ester Marie Espeset, psykologspesialist og ph.d., Helse Fonna
  • Hilde Lomundal, psykologspesialist og prosjektleiar for Kropp og Selvfølelse, Regional avdeling for spiseforstyrringar, HUS

Påmelding

Påmelding skjer via e-post, gjerne samla gjennom leiar, til kroppogselvfolelse@helse-bergen.no innan 1. september 2026.
Merk e-posten med «Påmelding FF 26.10.26».
Gi beskjed om eventuelle allergiar eller andre behov ved påmelding.

Det er sett av 40 plassar, fordelte slik: Helse Bergen (15), Helse Stavanger (13), Helse Fonna (7) og Helse Førde (5). Det vil vere mogleg å stå på venteliste dersom ikkje alle plassane blir nytta.

Andre datoar