"Frå me blir fødde er menneske i rørsle. Barn bruker rørsle til kommunikasjon lenge før verbalt språk. Rørsle er svært viktig i formidling og bearbeiding av kjensler. Saman med andre skaper rørsle samhald og tryggleik, både med og utan kroppskontakt. Læring av nye motoriske eigenskapar skaper glede og meistring. Aktivitet er viktig for helse, og det førebyggjar både somatisk og psykisk sjukdom. "
- Paul Joachim Bloch Thorsen
Dette er noko av bakgrunnen for at Energiteamet PBU bruker fysisk aktivitet i eit integrert tilbod til barn og unge med psykiske vanskar. Aktivitetane våre finn stad i dei flotte lokala i Energisenteret for barn og unge.

Våre tilbod i Energiteamet PBU
- TAG
TAG (Trygg, Aktiv og Glad) er eit behandlingsprogram som tek sikte på å gjera deltakaren meir trygg, aktiv og glad gjennom variert fysisk aktivitet. Tilbodet er organisert med 2 treningar per veke i 7 veker.
- VoV
VoV (Våg og Vinn) er eit utgreiingsprogram med mål om å hjelpa deg til å finna meistring gjennom rett type aktivitet.
Kven er vi
I Energiteamet PBU er kunnskap og personleg engasjement vel så viktig som fagfelt. Energiteamet PBU består av sjukepleiarar, fysioterapeutar og idrettspedagog. Fagleg ansvarlege er seksjonsoverlege Paul Joachim Bloch Thorsen. Teamet har brei og variert erfaring frå psykisk helsearbeid, samt eigenerfaring og trenarerfaring frå ulike idrettar.
Kontaktinformasjon
Oppmøtestad
Har du time hos hos Energiteamet PBU møte du opp i Glasblokkene, ved resepsjonen.
Besøksadresse:
Haukelandsbakken 15 (kart)
5021 Bergen
Telefon
480 19 012
Telefonen blir hovudsakleg svart på tysdag, torsdag og fredag frå 09:00-14:00, måndag og onsdag frå 09:00-11:00. Utover desse tidene oppmodar me til å senda SMS.
Andre førespurnader
For førespurnader som ikkje gjeld trening eller praktiske spørsmål, send e-post til: paul.joachim.bloch.thorsen@helse-bergen.no
Energisenteret for barn og unge

- 3. desember 2023Datainnsamling fra deg som har MS - 2023
Første uken i desember går det ut invitasjon til alle registrerte i Norsk MS-register om å svare på spørreskjema om egen helse. Data rapportert direkte av personer med MS er en viktig informasjonskilde og mål på helse og livskvalitet. Med denne utsendingen følger også en direktelink til Helsenorge.no hvor det er mulig å enkelt søke innsyn i egne data i MS-registeret.
- 1. desember 2023Kvifor har menneske med alvorlege psykiske lidingar 15-20 år kortare levetid og betydeleg lågare livskvalitet enn folk flest?
Dette vil det nye Mohn forskingssenter for psykoselidingar i Bergen finne ut av og gjere noko med. Med mål om betre behandling, går Trond Mohn Stiftelse og Helse Bergen inn med 58 millionar kroner til forskinga, der stiftelsen bidrar med 25 millionar kroner over fem år.
- 1. desember 2023Vinn fram med samarbeid og gode løysingar
Bioingeniør – eit yrke for framtida? Heilt klart, meiner direktør Gunnar Mellgren på Laboratorieklinikken på Haukeland universitetssjukehus. No har han og resten av klinikken fått Helse Vest sin utdanningspris, for å bidra til å heve det faglege nivået på bioingeniørutdanninga.