Fysikalsk medisin og rehabilitering

Fysikalsk medisin og rehabilitering er ein medisinsk spesialitet som omfattar diagnostikk, behandling og rehabilitering hos personar som på grunn av medisinske lidingar har eller står i fare for å få langvarig funksjonshemming. Avdeling Fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Bergen er lokalisert på Nordås og består av to sengepostar og eit omfattande poliklinikktilbod.

 

Pasient i basseng. Foto

 

 

For rehabilitering etter traumatisk hovudskade har avdelinga regionsfunksjon. Dette tilbodet omfattar Vestland og  Rogaland.

Arbeidsforma er i hovudsak tverrfagleg både i sengepost og i poliklinikk.

Klinikkdirektør: Kjersti Erdal

postmottak.rehab@helse-bergen.no
Telefon: 55 91 84 10

  • Utgreiing, diagnostisering og vurdering
  • Kompleks / Intensiv rehabilitering
  • Spesialiserte former for enkeltståande behandling

Undervisning og behandling i gruppe er eit etablert tilbod i våre Poliklinikkar.  Vi tilbyr også kurs for pasientar og pårørande i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Bergen.

Ved vår avdeling arbeider legar, sjukepleiepersonell, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionomar, logopedar, nevropsykologar, musikkterapeut og kontorpersonell.  Avdelinga har tilsaman 14 legar:  Spesialistar i Fysikalsk medisin og rehabilitering, spesialistar i nevrologi og legar i spesialisering. Av psykologressursar har avdelinga tre nevropsykologar og ein klinisk psykolog.

Tilbodet ved vår avdeling er oftast ein del av eit lengre rehabiliteringsforløp. God samhandling mellom avdelinga og heimkommunen er viktig for å gi pasienten eit samanhengande og godt totaltilbud.

Våre pasientar har i stor grad komplekse og samansette tilstandar. Samarbeid med andre medisinske spesialitetar er derfor ofte aktuelt. Sentrale samarbeidande spesialitetar kan til dømes være almennmedisin, ortopedi, nevrologi og nevrokirurgi.

Kontakt

Telefon

Telefaks: 55 91 84 01

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Nordåsgrenda 4
5235 Rådal

Logg inn for å endre time

Nordåsgrenda 4

Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal

Buss nummer 67 går frå Bergen sentrum til Nordås. Du går av på buss-stoppet «Nordåsgrenda». Du kan også ta buss 67 frå Lagunen.

Til Lagunen går det bybane fra Flesland og fra Bergen sentrum. Vil du spasere tar det ca. 20 minutt frå Lagunen bybanestopp.

​​Det er gratis parkering for pasientar og pårørande utanfor bygget. 

Praktisk informasjon

​​Har du mobiltelefon er det fint om du har denne på lydlaus medan du oppheld seg i felles areal. Hugs at du ikkje må ta bilder av medpasientar eller tilsette utan deira samtykke.

​​Vi ønsker at sjukehusområde vårt skal være røykfritt. Om du skal røyke ber vi deg gjøre dette på oppmerka område. Treng du hjelp til å komme ut for å røyke må du avtale dette med personalet. Vi ber om forståelse for at vi ikkje alltid kan prioritere dette.​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​​Sjukehuset har ikkje forsikringsordninger som dekker tap av verdisaker. Du må derfor oppbevare desse på eige ansvar. Safe på rommet kan nyttast​.

Kurs og møter

  • Hjerneslag
    Kurset gir informasjon om diagnosen og behandling. Du får og moglegheit til å møte andre i same situasjon og utveksle erfaringar.
    Hjerneslag
    23.
    april
    2024
    Fleire datoar

Jobb hos oss

Vi er Vestlandets største fagmiljø innan spesialisert rehabilitering i sjukehus. Spesialisert rehabilitering handlar om å kunne behandle eit bredt spekter av medisinske problemstillingar, og krev høgspesialiserte tverrfaglege team.
Jobbe hos oss?
tilsette.foto

Vanlege reaksjonar

Informasjon til pasient og pårørande som opplever traume og alvorlege hendingar.
Våre råd og hjelpetilbod
VANLEGE REASKJONAR ETTER ALVORLEGE HENDINGAR