Styrka overføring - Tilbod om veiledning

ReHabiliteringsklinikken tilbyr veiledning til koordinatorer i kommunale tenester etter utskriving frå sengepost. Tilbodet gjeld alle pasientar som mottek kommunale tenester (både utskriving til institusjon og heim). Målet er å betra pasientsikkerheit og kontinuitet i overgangen mellom spesialisthelseteneste og kommunehelseteneste, tettare samhandling, auka kompetanseutveksling og meir behovstilpassa tilbod.

Samhandlingsreforma vektlegg tidleg utskriving frå spesialisthelseteneste til kommune. Dette medfører auka medisinsk kompleksitet og behov for spesialisert og tverrfagleg kompetanse, også etter utskriving frå sjukehus. Spesialisthelsetenesta har veiledningsplikt for samarbeidskommunar. 

ReHabiliteringsklinikken har spesialisert og tverrfagleg kompetanse på fysikalsk medisin og rehabilitering for ei rekkje pasientgrupper, og er tverrfagleg samansette av lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped, nevropsykolog, sosionom, musikkterapeut med fleire. 

Veiledning vil i hovudsak føregå mellom koordinator i sengepost og koordinator i kommune, og vært tilpassa etter behov. Veiledning foregår i hovudsak via digitale arenaer eller telefon. Fokus for veiledninga er kommunen sitt behov i den konkrete pasientoppfølginga. 

Kommunen må ha definert ein navngjeven koordinator ei veke før utskriving. Både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta er pålagde å ha koordinatorfunksjon for pasientar med behov for koordinerte tenester. Individuell plan er ikkje ein føresetnad for veiledning.

Ta gjerne kontakt ved spørsmål om tilbodet på telefon 55 91 84 10

Sist oppdatert 29.08.2023