Habiliteringsavdelinga for vaksne - Tilvisningsrutinar

Tilvising til oss må kome frå lege eller spesialisthelsetenesta.

Vi har tenester som:

  • ​Diagnostisering
  • Tverrfagleg utgreiing av følgjetilstandar og helseproblem
  • Støtte til pasient, pårørande og tenesteytarar ved individuell planlegging, utarbeiding og gjennomføring av heilskapleg tilbod
  • Oppfølging av tiltak gjennom rådgjeving og rettleiing
  • Utgreiing, rådgjeving og vurderingar i samband med tiltak etter Lov om helse- og omsorgstenester kap. 9 om bruk av tvang og makt overfor menneske med utviklingshemming​

Habiliteringsavdelinga har ulike arbeidsformer:​

Vi ønskjer primært at vårt eige tilvisingskjema blir brukt: 

Tilvisingsskjema for Habilitering​savdelinga (PDF)​​​

Tilvisingsskjema sendast elektronisk eller sendast per post til:

Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
Habiliteringsavdelinga for vaksne
Postboks 1400
5021 Bergen

Dersom ein i staden brukar elektronisk tilvising eller vanleg brev, må det opplysast om følgjande:

  1. Buform
  2. Arbeid /skule / dagtilbod
  3. Har pasienten ansvarsgruppe/individuell plan?
  4. Kjente diagnosar
  5. Opplysningar om relevante utgreiingar / spesialistvurderingar. Legg ved kopiar dersom du har desse tilgjengeleg.
  6. Aktuell problemstilling. Spesifiser kva du ønskjer at Habiliteringstenesta skal bidra med. Dersom tilvisinga gjeld diagnostisering av ein sjukdom eller ei liding, treng vi opplysningar om bakgrunnen for denne mistanken.
    NB! Legg gjerne med utdjupande problemstillingar frå dei som har dagleg kontakt med pasienten.
  7. Namn, adresse og tlf.nr. til tenesteytar som Habiliteringstenesta skal samarbeide med i forhold til denne tilvisinga.
  8. Kven som samtykker til tilvisinga – pasient/andre.
  9. Behov for tolk.
  10. Namn på fastlege, dersom denne ikkje er tilvisar.

Dersom kommunen ber om tenester etter krava i Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, kan den overordna fagleg ansvarlege for vedtak i kommunen sende direkte tilvising til Habiliteringstenesta. I mange høve er det likevel formålstenleg at fastlegen er involvert, for å sikre at moglege helseproblem vert utgreia. Ved tilvisingar som gjeld Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, krev vi ikkje samtykke.

Svarbrev på tilvising vert sendt til pasienten, tilvisande lege og ev. andre samarbeidspartar som det er opplyst om og gitt samtykke til i tilvisinga. Svarbrev vert sendt innan 10 arbeidsdagar etter mottatt tilvising. ​

Dersom pasienten får rett til helsehjelp, står det i brevet kva type helsehjelp som vil bli gitt, tid for første time og namn på ansvarleg fagperson. Dersom vi vurderer at pasienten ikkje er i vår målgruppe, vil tilvisinga bli avvist eller sendt vidare til annan avdeling i spesialisthelsetenesta. Ved avvising vil vi gi råd om rett instans i svarbrevet.

Sist oppdatert 23.01.2023