Mistanke om demens hos personar med utviklingshemming

Geriatrisk Poliklinikk ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus (HDS), NKS Olaviken og Habiliteringsavdelinga for vaksne i Helse Bergen (HAVO) har saman utvikla ein modell for utgreiing og behandling av personar med psykisk utviklingshemming og demens.

Pasientflyt ved mistanke om demens

Vi ser stadig fleire tilfelle av demens hos personar med utviklingshemming. Dette skuldast dels høgare levealder hos denne gruppa og dels at ein er meir merksam på problemstillinga. I tillegg kan den tilstanden som er årsak til utviklingshemminga hos ein person, gi tidlegare aldring og utvikling av demens. Personar med Downs syndrom er spesielt utsette for å utvikla Alzheimers demens frå ca. 50 års alder og oppover.

Kommunale tenesteytarar si rolle

Nærpersonar som følgjer opp personar med utviklingshemming, har ei viktig rolle med å oppdaga endringar og teikn på funksjonsfall. Endringar i t.d. sjølvhjelp, orientering og arbeidsevne hos eldre med utviklingshemming kan ha ulike årsakar. Årleg kartlegging med Tidlige Tegn er eit godt egna verktøy til å fanga opp endringar over tid. Ved funksjonsfall og mistanke om demens bør nærpersonar bestille time hos fastlege.

Fastlegen sin rolle

Somatisk utgreiing som hos andre personar med mistanke om demens. Klinisk status, blodprøvar; EKG og MR/CT av hjerne om dette let seg gjera utan narkose. Tilvisa pasienten til Habiliteringsavdelinga for vaksne ved mistanke om demens.

Testar tilpassa utviklingshemma

Det er ei utfordring at testar som vanlegvis blir nytta ved diagnostikk av demens i allmennpraksis, ikkje er eigna. I Habiliteringsavdelinga si utgreiing blir det nytta verktøy som er tilpassa målgruppa.

Utgreiing hos Habiliteringsavdelinga

Det kan vera komplisert å skilja symptom ved demens frå andre tilstandar som t.d. psykiske lidingar og åtferdsendringar som kan skuldast tilhøve i miljøet. Geriatrisk Poliklinikk ønskjer difor at Habiliteringsavdelinga gjer ei differensialdiagnostisk vurdering før pasienten kjem til Geriatrisk Poliklinikk.

Fagkonsulent frå Habiliteringsavdelinga drar på heimebesøk til pasienten og gjennomfører samtalar både med pasienten og personar som har nære relasjonar til pasienten. Resultatet blir drøfta i tverrfagleg team, og ved mogleg demens møter lege frå Habiliteringsavdelinga pasienten og personar i nær relasjon til vedkomande.

Ved sannsynleg demens der behandling med medikament kan vera aktuelt, blir pasienten tilvist til Geriatrisk poliklinikk.

Ved sannsynleg demens og alvorlege psykiatriske symptom eller åtferdsvanskar blir pasienten tilvist til NKS Olaviken.

Der Habiliteringsavdelinga konkluderer med at pasienten ikkje har demens, blir utgreiinga avslutta.

Ved tvil vil Habiliteringsavdelinga ta nye testar etter ½ år for å vurdera om det ligg føre eit fall i funksjon som kan gi mistanke om utvikling av demens.

Vidare utgreiing hos Geriatrisk Poliklinikk, HDS

Poliklinikken sitt rehabiliteringsteam besøker pasienten for vidare vurderingar og gir råd til personalet. Utgreiinga av pasienten fortset deretter på poliklinikken. Her vil legen setja endeleg diagnose og vurdera om det er indikasjon for å starte medikamentell behandling.

Pasientar som startar medikamentell behandling, kjem tilbake til ein kontroll på poliklinikken etter om lag 6 månadar. Dersom behandlinga skal halda fram utover dette, tek fastlegen over ansvaret for behandlinga. Rehabiliteringsteamet vil ta initiativ til å få laga ein individuell plan og delta på eit ansvarsgruppemøte etter at diagnose er stilt.

Samarbeid med NKS Olaviken

Habiliteringsavdelinga og Geriatrisk poliklinikk har også høve til å få bistand frå Olaviken ved åtferdsvanskar eller psykiske lidingar hos utviklingshemma med demens.

Adresse for tilvising

Fastlegar som har pasientar med utviklingshemming og mistanke om demens, kan senda tilvising til:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus
Habiliteringsavdelinga for vaksne
Postboks 1400
5021 Bergen

Sjå tilvisingsrutinar - Habiliteringsavdelinga for vaksne

Sist oppdatert 27.10.2023