Sjølvregistrering av sjukdomsaktivitet
Dei som kjem til regelmessig behandling for leddgikt, andre artrittsjukdommar og visse andre revmatologiske sjukdommar blir bedne om å registrere smerte og funksjonsnivå i journalverktøyet Go Treat It (GTI). Dette gjer vi for å kunne følge utvikling av sjukdommen over tid.
Ta blodprøver hos fastlegen omlag ei veke før kontroll på poliklinikken om mogeleg. Få med prøvesvar eller be om at dei vert sendt til oss. Spesielt er det viktig at CRP er tatt på førehand.
Dei fleste som skal registrere seg får tilsendt lenke via SMS for sjølvregistrering på nett. Det er også mogeleg å fylle ut ved oppmøte på poliklinikken før timen.
Du får, sammen med legen din, en god oversikt over korleis sjukdommen utviklar seg og effekten av behandlinga.
Opplysningane du gir blir oppbevart som ein vanleg sjukehusjournal med same krav til datatryggleik.