Behandling

Døgnbehandling

Avdeling for rusmedisin tilbyr døgnbehandling for personar med rusavhengigheit. I tillegg har fleire private ideelle organisasjonar avtale med Helse vest om behandlingsplassar innan døgnbehandling.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr døgnbehandling for personar med rusavhengigheit.

Målgruppe

Pasientar med alvorlege og omfattande rusproblem, ofte med dårleg fungerande nettverk, ustabil bo situasjon og manglande aktivitetstilbod (skule/arbeid o.l.).

 

Før

For at ein døgninnleggjelse skal gje best mogleg resultat, er det naudsynt med godt forarbeid. Forarbeidet består i å avklara fleire forhald relatert til di situasjon slik at me er best mogleg kjend med den før vi møtast. Dersom du allereie har lokal oppfølging, er det viktig at det blir knytta kontakt mellom oss og ditt lokale hjelpeapparat.

 

Under

Under ein døgninnleggjelse bur du på behandlingsstaden.Tilbodet vårt består av individuelle samtalar og deltakelse i gruppar. Vi tilrettelegg behandlinga ut frå dine behov. Det vil vere ansvarlig behandlingspersonale tilgjengelig gjennom heile døgnet.

 

Etter

Etter eit opphald i døgninstitusjon overtar det lokale hjelpeapparatet. Før avslutning av døgnbehandling vil me ha møter/samtaler mellom oss og det lokale hjelpeapparatet.

Ved utskrivelse mottar du og din henvisar ein epikrise som er ein oppsummering av opphaldet og ein anbefaling av vidare tiltak.

Innhald i behandlinga

Dei fleste døgninstitusjonane i AFR tilbyr ein kombinasjon av gruppebehandling og samtalar med den enkelte pasient.

Varigheit

Kor lenge ein mottar behandling i døgninstitusjon blir vurdert ut frå kvar enkelt sin situasjon og behov.

 

Oversikt institusjonar i AFR

Skuteviken driv medisinsk avrusing med observasjonar, nedtrapping og abstinensbehandling.

Dr. Martens si post fokuserer på å stabilisere endringane pasienten har oppnådd, samtidig som pasienten skal førebuast til å meistre eit tilvære utan rusmidlar.

Floen tilbyr medisinfri og relasjonsbasert rusbehandling til personar i aldersgruppa 18-40 år.

Tertes tilbyr frivillig behandling til rusmiddelavhengige kvinner. Posten er samlokalisert med Familieambulatoriet, noko som gjer at ein samlar fagleg spisskompetanse på kvinner og familiar i same seksjon.

 

Behandlinga på Askøy består blant anna av individuell oppfølging, gruppeterapi, fysisk aktivitet og daglege gjeremål.

 

Offentlige og private ideelle organisasjonar

Helse Vest har avtalar med fleire offentlege og private ideelle organisasjonar. Ifølgje Helse Norge,no. har pasientar i spesialisthelsetenesta, rett til å velgje kor ein skal behandlast. Ein kan velje mellom alle offentlege og fleire private behandlingsstader som helseføretaka har avtale med.Her kan du sjå ein oversikt over desse institusjonanene.

 

 

 
Sist oppdatert 15.12.2017