Behandling
Døgnbehandling i Rusmedisin
Avdeling for rusmedisin tilbyr døgnbehandling for personar med rusavhengigheit. I tillegg har fleire offentlege og private ideelle organisasjonar avtale med Helse vest om behandlingsplassar innan døgnbehandling.
Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr døgnbehandling for personar med rusavhengigheit.
Målgruppe
Pasientar med alvorlege og omfattande rusproblem, ofte med dårleg fungerande nettverk, ustabil bo situasjon og manglande aktivitetstilbod (skule/arbeid o.l.).
Innhald i behandlinga
Dei fleste døgninstitusjonane i AFR tilbyr ein kombinasjon av gruppebehandling og samtalar med den enkelte pasient.
Varigheit
Kor lenge ein mottar behandling i døgninstitusjon blir vurdert ut frå kvar enkelt sin situasjon og behov.
Oversikt institusjonar i AFR
Offentlige og private ideelle organisasjonar
Helse Vest har avtalar med fleire offentlege og private ideelle organisasjonar. Ifølgje Helse Norge,no har pasientar i spesialisthelsetenesta, rett til å velgje kor ein skal behandlast. Ein kan velje mellom alle offentlege og fleire private behandlingsstader som helseføretaka har avtale med.Her kan du sjå ein oversikt over desse institusjonanene.