Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fråflytting AFR Klokkarvik og samanslåing med AFR Askøy

Mandag 13. mai stansa drifta ved AFR Klokkarvik, som hadde 18 behandlingsplassar for menn. Stabiliseringsposten ved AFR Askøy er også avvikla. Talet på behandlingsplassar for menn ved AFR Askøy er auka frå 12 til 28.

Publisert 25.06.2024

Behandlingstilbodet ved AFR Klokkarvik har i mange år vore eit høgt verdsett behandlingstilbod for både pasientar og tilsette. Samtidig markerer samanslåinga med AFR Askøy ein ny start for eit framtidsorientert, forsterka og utvida behandlingstilbod ved AFR Askøy - bemanna med dyktige fagpersonar frå både AFR Klokkarvik og AFR Askøy.

Endra pasientflyt for menn frå midten av mai, for pasientar vist til behandling i døgneining

Mannlige pasientar vil no overførast direkte frå AFR Skuteviken til AFR Askøy, på same måte som kvinnelege pasientar blir overførte direkte frå AFR Skuteviken til AFR Tertnes. Behovet til pasientane for ein stabiliserande fase i behandlinga, vil varetakast av avrusingseininga (Skuteviken) i tidleg stabiliseringsfase, og av døgneininga (Askøy) i sein stabiliseringsfase.

Pasientar som blir viste til avrusing og stabilisering, og ikkje til vidare behandling i døgneining, vil få behandlingstilbodet sitt ved AFR Skuteviken og AFR Martens.