Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusmedisin Floen Manger

Floen Manger utgjer fase 2 av behandlinga ved Floenkollektivet. Floen Manger er eit terapeutisk samfunn som tilbyr relasjonsbasert rusbehandling til personar mellom 18 og 33 år.

Floen Manger har 21 tilsette. Av desse bur 15 saman med elevane, når dei er på vakt (medleverturnus). Avdelinga har 15 elevplassar.

Besøksadresse

Toskavegen 400, 5936 Manger

Telefon

55 95 89 00

Dagleg struktur

I fase 2 er det ein dagleg struktur frå kl. 07.30 – 15.00 (09.00 – 12.00 laurdagar) kor elevane deltek på tre arbeidsfelt: hushaldning, gard, vedlikehald.

Gruppetilbod

Elevane deltek og i ulike grupper: fleire prosessgrupper, kvinne- og mannsgruppe og Storgruppe. I tillegg er det samlingar ved behov. Elevane har også kvelds- og helgeansvar for hus og gard.

Aktivitetstilbod

Gym, kano, turar (fisketurar, båtturar og gåturar) og musikk er døme på andre aktivitetstilbod.

Butrening

I fase 2 er det også treningsturar til Bergen i fase 3 boligane.

Seksjonsleiar

Aase Turid E. Frammarsvik

Sist oppdatert 31.05.2017