Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Heroinassistert behandling

Helse Bergen sitt tilbod om heroinassistert behandling opna i mars 2022. Tilbodet er ein del av legemiddelassistert rehabilitering (LAR), og blir drifta i nært samarbeid med Bergen kommune.

Heroinassistert behandling (HAB) er eit tilbod for ei utvald målgruppe av personar med avhengigheit til heroin, som ikkje har hatt tilstrekkeleg behandlingseffekt av anna behandling.

Det som skil HAB frå LAR er først og fremst legemiddelet. Diacetylmorfin (heroin) kan bli inntatt ved intravenøs injeksjon eller som tablettar og må bli inntatt fleire gonger i døgnet. Dette til forskjell frå LAR-legemiddel (metadon, buprenorfin) som blir inntatt éin gong i døgnet.

I praksis betyr dette at pasientane må møte opp for inntak av legemiddelet to gonger dagleg, sju dagar per veke. Det vil ikkje bli gitt ta-med-heim dosar. Alle inntak skjer under påsyn av helsepersonell i HAB-klinikken.

Fastlegar og NAV sosialtenesta kan tilvise til Heroinassistert behandling.


Tilvisingar kan sendast til:

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Rus- og avhengigheitsklinikken
Postboks 1400
5021 Bergen
 

Heroinassistert behandling er bemanna frå kl. 08 til ca. kl. 18, alle dagar inkludert søndag. Det vil ikkje vere behandlingsaktivitet verken kveld eller natt. Etter kvart inntak av diacetylmorfin (heroin) vil pasienten måtte bli i lokalet ei tid for observasjon.

Rus- og avhengigheitsklinikken har LAR-poliklinikkar i dei fleste bydelar i Bergen kommune, som sørger for LAR-behandlinga til pasientane som bur i bydelen. HAB er for pasientar frå alle bydelar, i tillegg kan pasientar frå kommunane rundt, søke seg til behandling ved HAB-klinikken.

Ein viktig del av oppdraget til HAB er forsking på korleis behandlingstilbodet best kan implementerast som del av LAR i Noreg, og på effektar av behandlinga på pasientane si helse og livskvalitet. Forskingseininga Bergen Addiction Research group (BAR) i Rus- og avhengigheitsklinikken er ein sentral del av forskingssamarbeidet, som blir leia av Senter for rus- og avhengighetsforsking (SERAF) ved Universitetet i Oslo.

 

 

Slik finn du fram

Foto av en bygning

Engenhuset

Håkonsgaten 1

5015 Bergen