Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo

Bergen Addiction Research Group - BAR

​Bergen Addiction Research (BAR) er ei forskingssatsing ved Avdeling for rusmedisin med mål om å gi kunnskap som betrar behandlinga av personar med ruslidingar. Forskingsgruppa BAR jobbar tett med det kliniske fagmiljøet rundt LAR (Legemiddelassistert rehabilitering), brukarrepresentantar og forskarar på høgt internasjonalt nivå både i Noreg og andre land.

Forsking som fremmar betre helse hos folk med rusbrukslidingar
 

Forskinga vår er retta mot personar med rusavhengigheit – og særs dei med opioidavhengigheit eller injiserande ruslidingar. Med ein holistisk forståing av helse, er vårt overordna mål å betre leveutsiktene og livskvaliteten i målgruppa, samt redusere sjukdom og lidingar.

BAR har bygd opp ei infrastruktur for å systematisk samle inn data om helsesituasjon for å betre diagnostikk, behandling og rehabilitering av blant anna folk som får legemiddelassistert rehabilitering (LAR). BAR-organiseringa gir også moglegheit for å forske på ei rekke uavklarte problemstillingar med internasjonal relevans. Vi arbeidar med både klinikknær forsking, psykisk og somatisk helse, farmakologi inkludert effekten av LAR-medisinar, helseprioritering og kostnadseffektivitet, og brukaropplevingar.

Forskinga vår skal ha relevans for samfunnet, fagmiljø og ikkje minst målgruppa sjølv. Vi ønsker å bidra til å løyse lokale, nasjonale og internasjonale helseutfordringar gjennom å:
  • ​utvikle forbetra og evidensbasert behandling og kartleggingsmetodar
  • jobbe klinikknært, fremme tverrfagleg samarbeid og sterk brukarmedverknad 
  • bygge bro med andre forskingsmiljø i Noreg og internasjonalt, og sørge for god og berekraftig finansiering av forskinga
​BAR har bygd opp ein infrastruktur for å systematisk samle inn data om helsesituasjon for å betre diagnostikk, behandling og rehabilitering av blant anna folk som får legemiddelassistert rehabilitering (LAR). BAR-organiseringa gir også moglegheit for å forske på ei rekkje uavklarte problemstillingar med internasjonal relevans. BAR arbeider med både klinikknær forsking, psykisk og somatisk helse, farmakologi inkludert effekten av LAR-medisinar, helseprioriteringar, kostnadseffektivitet og brukeropplevingar.

BERGEN ADDICTION RESEARCH vil sikre at vår forsking skal:
  • ​vere av høg kvalitet og gjere bruk av best tilgjengelege metodar inkludert intervensjonsforsking, oppfølgingsstudiar, registerforsking og biobank
  • halde god etisk standard og ivareta føringar og lovgiving for forsking inkludert personvernlovgiving 
  • synliggjering til flest mogleg av dei som kan ha nytte av forskinga inkludert fagmiljø, dei som jobbar med helsetenestar og helsepolitikk, relevante brukar/pasientgrupper, og folk flest.

BAR er ei gruppe med mykje klinisk og forskingserfaring knytta opp mot ruslidingar og består av følgande personar:

Lars Thore Fadnes

Forskingsleiar for BAR og professor ved Universitet i Bergen

Kjell Arne Johansson

Seniorforskar/seksjonsoverlege og professor ved Universitetet i Bergen. ​

Else-Marie Løberg 

Seniorforskar og professor ved Universitetet i Bergen. 

Jørn Henrik Vold, Christer Frode Aas, Tesfaye Madebo er tilknytta som forskarar, legar med doktorgrad i rus, infeksjon og lungemedisin samt stipendiat og overlegar Fatemeh Chalabianloo og Karl Trygve Druckrey Fiskåen. 

Vi har og eit team av dyktige forskningssjukepleiarar inkludert Jan Tore Daltveit, Maria Kålås Olsvold, Mette Hegland Nordbotn, Per Gundersen samt brukarrepresentantar inkludert Marianne Cook Pierron, Christine Sundal, Morten Sommerbakk og Herman August Steffensen. Det er ei rekke andre personar som og gjer uvurderlige bidrag inn mot BAR inkludert Trude Fondenes, Vibeke Bråthen Buljovcic, Arild Opheim, Silvia Eiken Alpers, Mitra Bemanian, Charlotte Aasen Røed, Zhanna Gaulen, Christer Kleppe, Ragnhild Dårflot Olsen, Nina Elisabeth Eltvik, legar, psykologar og behandlarar i LAR, og mange fleire.

Vi har og eit særs tett samarbeid med blant anna KORFOR og LAR Stavanger, med blant anna Torgeir Gilje Lid (forskningsleiar KORFOR), Einar Furulund (stipendiat), Tone Lise Eielsen (leiar LAR Øst Stavanger), Ewa Joanna Wilk (forskingssjukepleiar Stavanger), Eivin Dahl (erfaringskonsulent LAR Stavanger), Alexander Leiva (overlege Haukeland), Svetlana Skurtveit (seniorforskar FHI), Peter Vickerman (professor Bristol), Aaron Lim (forskar Bristol), Olav Dalgard (overlege infeksjonsmedisin), Anne Halmøy (overlege Helse Bergen), Håvard Midgard (overlege leversjukedom), Lennart Lorås (professor Høyskolen på Vestlandet), Anne Nordrehaug Åstrøm (professor UiB) med fleire.

BAR vil utarbeide kunnskap som er relevant for fagmiljø, brukarar, forskingsmiljø og beslutningstakarar, som kan danne grunnlag for betre behandling for dei med rusliding. BAR har som mål å betre helsesituasjonen hos dei med rusliding både i Noreg og i resten av verda. Vi har etablert eit helseregister og ein forskingsbiobank som også bidrar til dette. Det er i dag fleire pågåande forskingsprosjekt innan BAR:
INTRO-HCV

Pasientar med rusavhengigheit har høg sjukdomsbyrde i tillegg til at helsetenestene har vore mindre tilgjengeleg enn for befolkninga for øvrig. I tillegg er det mindre kunnskap om helsetilstanden i denne gruppa, og om korleis helsetenester påverkar helseutfall. I 2017, då prosjektet starta hadde meir enn halvparten av pasientane som får legemiddelassistert rehabilitering (LAR) i Noreg hatt kronisk infeksjon med hepatitt C virus (HCV). ​

ATLAS4LAR

ATLAS4LAR har fokus på å redusere blant anna lungesjukdommar og annen sjukdomsbyrde hos dei som får legemiddelassistert rehabilitering.

Metadonstudien

I metadonstudien vil vi evaluere samanheng mellom dose og serumkonsentrasjon av metadon og opplevd effekt og biverknadar av denne substitusjonsbehandlinga

Sustainable intEgrated care modeLs for multi-morbidity: delivery, Financing and performancE (SELFIE)

Dette prosjektet ser på korleis ulike behandlingsmodellar påverkar på helseutfall​.​


 

 

Tekst
Amfetamin substitusjon -eit forskingsprosjekt i LAR-

Me ønskjer å undersøkja behandling med dekstroamfetamin hos amfetaminavhengige pasientar i LAR. Alle deltakarane vil få god oppfølging av studiepersonell, i tillegg til den ordinære behandlinga si i LAR

Våre forskingsprosjekt

Sist oppdatert 22.10.2024