Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Amfetamin substitusjon forskingsprosjekt - NORCATS

ATLAS4Dependence

I forskingsprosjektet ATLAS4Dependence ønskjer me å undersøkja behandling med dekstroamfetamin hos amfetaminavhengige pasientar. Alle deltakarane vil få god oppfølging av studiepersonell.

Bakgrunn for studien

Personar som er avhengige av amfetamin eller metamfetamin, har ofte fleire helseutfordringar og høgare risiko for sjukdom. Dette kan mellom anna vere:

  • infeksjonar
  • hjarte- og karsjukdommar
  • psykiske helseplager
  • redusert livskvalitet
  • auka risiko for tidleg død

I dag finst det få behandlingsmetodar med dokumentert effekt mot amfetaminavhengigheit. Det er derfor behov for studiar som undersøkjer nye behandlingsmetodar.

Kva undersøkjer studien?

Studien skal undersøkje om behandling med dekstroamfetamin kan hjelpe personar med langvarig avhengigheit av amfetamin eller andre sentralstimulerande stoff.

Vi ønskjer å inkludere både:

  • personar som får legemiddelassistert rehabilitering, LAR
  • personar som ikkje får oppfølging gjennom LAR

Forskarane skal undersøkje om behandlinga har effekt, og om ho er trygg.

Slik blir studien gjennomført

Studien går føre seg ved fleire behandlingsstader i Noreg. Deltakarane blir tilfeldig fordelte i to grupper:

  • DXA-gruppa: Deltakarane får dekstroamfetamin i 12 veker.
  • Placebogruppa: Deltakarane får placebo i 12 veker. Placebo ser ut som studiemedisinen, men inneheld ikkje dekstroamfetamin.

Verken deltakarane, behandlarane eller forskarane veit kven som får dekstroamfetamin, og kven som får placebo medan studien går føre seg. Dette blir kalla ein dobbeltblind og placebokontrollert studie.

Oppfølging i studien

Deltakarane får tett oppfølging av studiepersonell. Oppfølginga omfattar:

  • intervju med studiesjukepleiar før oppstart
  • to intervju undervegs i studien
  • eitt intervju etter 12 veker
  • oppfølging frå helsepersonell kvar veke
  • urinprøve under tilsyn éin gong i månaden
  • spyttprøver, hårprøver og blodprøver i løpet av studien

Alle deltakarane får god oppfølging gjennom heile studieperioden.

 

Målet med studien

Studien skal undersøkje om behandling med dekstroamfetamin kan:

  • redusere bruk av amfetamin som ikkje er skrive ut av lege
  • gi betre livskvalitet
  • redusere psykiske helseplager
  • føre til færre skadar etter injisering
  • redusere risikoen for overdose og psykose

Studien skal gi meir kunnskap om behandling av amfetaminavhengigheit i Noreg og andre land.

Studiedesign 

Foto: Norcats

Skjematisk tidslinje over studiedesignet i A4D‑studien. 
Forklaringa finn du rett under.
Forklaring av studiedesignet

Diagrammet viser eit klinisk studieoppsett over ein 12 vekers behandlingsperiode.

  • Vekene 1–4 (dag 1–28): Deltakarane samtykkjer og blir screena. Rundt 300 personar blir vurderte.
  • Etter screening blir dei som oppfyller kriteria, markerte som “Eligible”.

Veke 5–6 (dag 29–42):

    • Baseline‑målingar og vurderingar.
    • Deltakarane blir randomiserte til enten DXA‑gruppa (n = 113) eller placebo‑gruppa PBO (n = 113).
    • Oppstart med dosetitrering.

Vekene 7–18 (dag 43–127):

    • Deltakarane får si tildelte behandling (DXA eller PBO).

  • Veke 19 (dag 128–134): Vurderingar.
  • Veke 20–21 (dag 135–149): Nedtrapping av dose.

  • Veke 22–25 (dag 150–178): Klinisk oppfølging.
  • “Endpoint” markerer formell avslutning av behandlingsfasen.

  • 52 veker etter oppstart i studien blir det gjort ei ny oppfølgjing av deltakarane.

 

Sist oppdatert 19.10.2026