Kvifor treng vi SEIER?
Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), har redda mange liv og redusert talet på overdosedødsfall. Likevel døyr mange personar med ruslidingar tidleg av hjarte- og karsjukdom, lungesjukdom, psykiske lidingar og andre tilstandar som kunne vore førebygde eller behandla.
Forskingssenteret SEIER skal utvikle og prøve ut behandlingsmetodar som kan bli ein del av rusbehandlinga. Målet er å gi personar med rusmiddelproblem betre helse, livskvalitet og levekår, og å styrkje rusbehandlinga i framtida.
Måla våre
Vi skal:
- kartleggje kva sjukdommar og risikofaktorar som bidreg mest til tidleg død og dårleg helse i denne pasientgruppa
- utvikle og prøve ut nye behandlingsmodellar gjennom store kliniske studiar
- skaffe kunnskap som kan brukast til å prioritere og ta i bruk tiltaka som verkar best, både i Noreg og internasjonalt.
Hovudstudiar
Vi planlegg fleire store studiar som skal vere sentrale i forskinga ved senteret:
-
Behandling av alvorlege psykiske helseplager
Vi skal undersøkje om strukturert traumebehandling eller mentaliseringsbasert terapi kan bli ein del av rusbehandlinga og redusere psykiske helseplager. -
Hormonbehandling ved låge nivå av kjønnshormon
Langvarig bruk av opioid kan gi låge nivå av kjønnshormon. Vi skal undersøkje om hormonbehandling kan redusere utmatting og gi betre livskvalitet. -
Kosthald og tannhelse
Vi skal undersøkje om digitale verktøy og tett oppfølging av kosthald og tannhelse kan gi betre helse for personar med rusavhengigheit.
Brukarane er med i heile prosessen
Personar med eigne erfaringar frå rusfeltet deltek i heile forskingsprosessen. Dei er med på å:
- velje forskingsspørsmål
- utvikle tiltaka
- tolke resultata
- formidle kunnskapen
Marianne Pierron, leiar i brukarorganisasjonen HUSET, og Arild Knutsen, leiar i Foreningen for human ruspolitikk, har sentrale roller i senteret.
Om senteret
Forskingssenteret SEIER høyrer til Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Senteret samarbeider tett med Universitetet i Bergen, Bergen Centre for Ethics and Priority Setting, og Helse Stavanger.
Leiarar og medarbeidarar i senteret
Organisering
- Senterleiar: Lars Thore Fadnes
- Styre: Christian Ohldieck, Gry Dale og Arild Knutsen
- Vitskapleg ekspertpanel: Nadine Ezard, Fatemeh Chalabianloo og Carlos Celis Morales
- Samarbeidspartnarar: Universitetet i Bergen, Helse Stavanger, HUSET og Foreningen for human ruspolitikk
Det vitskaplege ekspertpanelet bidreg med uavhengig kvalitetssikring av forskinga.
Kvar held vi til?
Mange av medarbeidarane held til i Engenhuset i Håkonsgaten 1, 5015 Bergen.
Finansiering
SEIER har fått 30 millionar kroner frå Trond Mohn forskingsstifting. Helse Bergen bidreg med ein tilsvarande eigeninnsats.
Støtta gjer det mogleg å byggje opp eit langsiktig forskingsmiljø på eit område der det er stort behov for meir kunnskap.
