Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusmedisin Familieambulatoriet

Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod for gravide og familiar med barn frå 0 til 6 år, der éin eller begge foreldra har utfordringar med rusmiddel.

På Familieambulatoriet arbeider det personale med ulike utdanningar som helsefagarbeidar, sjukepleiar, psykolog og lege. Hovudfokuset vårt er recovery-orientert rusbehandling.

Vi samarbeider med andre tenester og faggrupper for å gi familien heilskapleg og langsiktig oppfølging – heilt fram til barnet begynner på skulen.

Familieambulatoriet fungerer som ei bru mellom dei tilboda som finst, og hjelper familien med å få den støtta dei treng.

Tilbodet til pasientar består av tre hovudelement:

  1. Terapi og samtalar
    Du får samtalar med behandlar, anten på poliklinikk i AFR eller der du er – til dømes heime eller ein annan stad som passar for deg. I tillegg tilbyr vi gruppesamtalar og samtalar med primærkontakt.
  2. Struktur og planlegging
    Vi hjelper deg med å meistre kvardagsferdigheiter (ADL), få god døgnrytme og kosthald. Vi koordinerer og koplar på nettverk som familie, rusfrie kontaktar og hjelpeapparatet.

  3. COS-Parenting-kurs
    Dette er eit kurs for foreldre som vil forstå barnet sitt betre og styrke samspela i familien. Kurset lærer deg korleis du kan møte barnets behov og følelsar på ein trygg måte. Målet er å gi barnet ein god og trygg start.

    Du vil få nærare informasjon om dette kurset dersom du ønskjer det.

     

 

 

Kontakt

Telefon

Seksjonsleiar Trude Larsen

98 80 04 25

Teamleiar Astrid Bragstad

95 89 06 40

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin Familieambulatoriet
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Østre Murallmenningen 7

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.