Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Christer Kvelvane (gastrokirurg)

- Ingen kø. Familievenleg. Fantastisk natur. I tillegg til ein fagleg spanande jobb, er det 1000 gode grunnar til å bu og jobbe på Voss.

Christer

kirurgisk avdeling er det no fire fast tilsette overlegar med gastrokirurgisk subspesialitet , 4 LIS-legar og 5 turnuslegar. Kirurgisk seksjon har gruppe II-utdanningsstatus i generell kirurgi.

- Det beste med å være kirurg på Voss er variasjonen i det me held på med. Me får operert mykje, har spanande vaktarbeid og korte arbeidslinjer. I tillegg er me akuttsjukehus med traumefunksjon, seier Christer.

Familievenleg bygd

Christer er blant dei som likar det som er annleis i Vossabygda.

- Her på Voss har du ein fantastisk natur, flotte fjell, ordentleg vinter. Tempoet er lågare, og det er mindre kø. Det er ein flott stad å bu som familiemann.

Sist oppdatert 20.01.2026