Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sjur Børsheim (ortoped)

- Me har eit sterkt fagmiljø. Eg får utfordringar kvar dag. Og så er me ein gjeng som har det veldig kjekt saman.

sjur
Sjur Børsheim er seksjonsoverlege for ortopedane på Voss. No vil han ha fleire med på laget.

Sjur Børsheim leiar eit solid team av ortopedar. På kirurgisk seksjon er det no fem fast tilsette overlegar med spesialitet i ortopedisk kirurgi, tre LIS-legar i ortopedi og tre LIS-legar i generell kirurgi og fem turnuslegar. Kirurgisk seksjon har gruppe II-utdanningsstatus i ortopedisk kirurgi. Vi kan tilby eit triveleg arbeidsmiljø og eit stabilt og dugande personale. Er du med?

Variert kvardag - på og utanfor jobb

- Vi har ein variert kvardag der vi gjer mykje forskjellig kirurgi, både elektive inngrep og akutte ting. Det er eit lite, godt og oversiktleg miljø. Alle kjenner kvarandre, og alle veit kor ein har kvarandre.

På Voss kan ein oppleva mange kulturelle ting, men ikke minst er det store mpgelegheiter for å være ute i friluft, både ekstremsport for dei som vil det, og meir vanlge friluftsaktivitetar.

Sist oppdatert 20.01.2026