Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sjur Børsheim (ortoped)

- Vi har eit sterkt fagmiljø. Eg får utfordringar kvar dag. Og så er vi ein gjeng som har det veldig kjekt saman.

sjur
Sjur Børsheim er seksjonsoverlege for ortopedane på Voss. No vil han ha fleire med på laget.

Sjur Børsheim leiar eit solid team av ortopedar. På kirurgisk avdeling er det no fem fast tilsette overlegar med spesialitet i ortopedisk kirurgi, tre LIS-legar i ortopedi og tre LIS-legar i generell kirurgi og fem turnuslegar. Kirurgisk avdeling har gruppe II-utdanningsstatus i ortopedisk kirurgi. Vi kan tilby eit triveleg arbeidsmiljø og eit stabilt og dugande personale. Er du med?

Variert kvardag - på og utanfor jobb

- Vi har ein variert kvardag der vi gjer mykje forskjellig kirurgi, både elektive inngrep og akutte ting. Det er eit lite, godt og oversiktleg miljø. Alle kjenner kvarandre, og alle veit kor ein har kvarandre.

På Voss kan ein oppleva mange kulturelle ting, men ikke minst er det store mpgelegheiter for å være ute i friluft, både ekstremsport for dei som vil det, og meir vanlge friluftsaktivitetar.

Tilbod til våre tilsette

På Voss sjukehus er vi i underkant av 400 tilsette. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. For oss er det viktig å ta godt vare på dei vi har - og ønske godt i mot dei nye som kjem.
Tilbod til våre tilsette
Akuttmottaket_turnusleger.jpg

Å bu på Voss

Voss er ei bygd som inviterer til spektakulære opplevingar. Sjukehuset ligg omtrent i skibakken, og er omkransa av vakre fjell og vatn. Velkommen til ein stad der natur og kultur står i sentrum.
Å bu på Voss
ski over voss.jpg
Sist oppdatert 25.09.2024