Dialyseavdelinga Voss

Dialyseavdelinga gjev livsnødvendig behandling til pasientar med behandlingskrevande nyresvikt. Avdelinga på Voss har 8 behandlingsplassar, og samarbeider med nefrologisk seksjon og dialyseavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Nyrene sine hovudoppgåver er å skilje ut avfallsstoffa og overflødig væske frå kroppen, regulering av blodtrykket og dei dannar eit hormon som stimulerer beinmargen til å lage raude blodlegemer. Når nyrene sviktar er hemodialyse ei behandlingsform som brukast for å erstatte tapt nyrefunksjon.  

Ved sterkt nedsett nyrefunksjon, kan opphoping av avfallsstoff og overflødig væske som kroppen produserer kontinuerleg, skade kroppen. Då kan nokon pasientar ha behov for hemodialyse.

Ved hemodialyse (hemo=blod) vert blodet reinsa 3-4 gongar for veka ved hjelp av ei kunstig nyre/dialysefilter og ei dialysemaskin.

Dei fleste pasientar har behov for hemodialyse rundt 4 timar kvar behandling. Nyrelegen bestemmer eit behandlingsopplegg som passar kvar enkelt pasient, ut frå blodprøveverdiar og allmenntilstand.

Før 

Om det er noko spesielt du må ta omsyn til før du kjem til sjukehuset får du beskjed om det.

Du må vege deg før behandlinga startar for å måle eventuell vektforskjell som skuldast oppsamla væske etter forrige behandling. Deretter set du deg i ein behandlingsstol, og blodtrykket ditt vert målt.

Under

Du sit i ein behandlingsstol ved dialysemaskina under heile behandlinga.

For å kunne reinsa blodet ditt trengst det ein tilgang til blodsystemet. Du får derfor enten ein arteriovenøs fistel (AV-fistel = ein kobling mellom ei vene og arterie i armen) eller eit dialysekateter i ei stor blodåre, vanlegvis ved brystet/halsen. Når kateteret ikkje er i bruk, pakkast det inn med bandasje.

Ein sjukepleiar koplar deg til dialysemaskina. Dialysen (rensinga) startar og overskuddsvæska vert gradvis trekt ut i løpet av behandlingstida.

Under dialysen vil litt av blodet ditt (ca. 2 dl) sirkulera i slangesettet og dialysefilteret.

Behandlinga varar i 3-5 timar og er nøye overvaka av kontrollfunksjonar i dialysemaskina og av sjukepleiar. Dialysebehandling gjer ikkje vondt.

Sjukepleiar er til stade under heile dialysebehandlinga og kan lett tilkallast ved behov. Blodtrykket ditt målast undervegs. Under behandlinga kan du slappe av med fjernsyn, bøker, lydbøker, lett handarbeid og liknande. Det vert servert eit lett måltid i behandlinga.

Når behandlinga er ferdig får du tilbakeført blodet som er i slangesettet og dialysefilteret, og du vert kopla frå dialysemaskina.

ETTER 

Etter dialysebehandlinga er ferdig, vert blodtrykket målt og du veger deg igjen. Dette for å ha eit utgangspunkt for å måle eventuell vektoppgang til neste dialysebehandling som følge av nytt oppsamla overskuddsvæske.

Du må ta blodprøvar jamleg for å sjekka behovet for behandling og kva effekt behandlinga har.  

Kontakt

Telefon

Måndag-laurdag kl. 07.30-15.00
Måndag-laurdag kl. 07.30-15.00

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn avdelinga i 3. etasje ved Intensivavdelinga.

Skal du på ferie til Voss? Me tek imot gjestepasientar ved ledig kapasitet. Kontakt avdelinga for nærare informasjon.

Besøkstider

  • I dag 07:30 - 15:00
  • Måndag 07:30 - 15:00
  • Tysdag 07:30 - 15:00
  • Onsdag 07:30 - 15:00
  • Torsdag 07:30 - 15:00
  • Fredag 07:30 - 15:00
  • Laurdag 07:30 - 15:00
  • Søndag STENGT

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Praktisk informasjon

Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte. 

  • Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
  • Ta også med ei liste over all medisinen du brukar, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
  • Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast. 
  • Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
  • Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
  • Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
  • Ikkje ta med pengar og verdisaker. Kort kan nyttast i kantina og i automat for litt snacks, småmat og toalettartiklar.
  • På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet